Hanne Birgit Haugland () er ein tidlegare norsk friidrettsutøvar frå Haugesund, som fyrst og fremst tevla i høgdehopp, men også i lengdehopp og tresteghopp. Perioden 1987-2000 deltok ho i mange internasjonale meisterskapar, det store høgdepunktet kom då ho vart verdsmeister i høgdehopp under VM 1997 i Athen. Mellom 1985 og 2000 vart ho noregsmeister 14 gongar, og vann elles tre NM-sølv og tre NM-bronser. Ho representerte etter rokes idrettslaga Haugesund IL, BUL, Vidar i Oslo og Minerva.

Aktiv Haugland slo gjennom i 1985-sesongen, då ho tidleg i juni gjekk over 1,87 under eit stemne i Porsgrunn, det beste resultatet i Noreg den sesongen. Ho kom på bronseplassen under NM i Bærum med 1,78 m i høgde, same høgda som sølvvinnaren, og fekk også bronsen i lengdegropa etter 6,12 m, noko som var to centimeter bak den personlege rekorden. Året etter vann ho NM-gull i høgdehopp med same sluttresultat som året før, og fekk sølv for 6,08 m i lengdehopp. Ho forbetra sin personleg rekord i høgdehopp til 1,89 m under eit stemne i Birmingham.

Midt i mai 1987 sette Haugland i Oslo norsk rekord med 1,93 m. Sitt andre NM-gull vann ho då ho slutta på 1,81 m, same høgda nådde Anne Brit Skjæveland som grunna tidlegare riv måtte nøye seg med sølvmedaljen. Haugland deltok i slutten av august i sin fyrste internasjonale meisterskap, VM i friidrett 1987 i Roma. Her vart ho slått ut etter å ha stoppa på 1,85 m i kvalfiseringa.

I 1988 stoppa tre kvinner på 1,81 m under NM på Byrkjelo, atter kom Haugland før Skjæveland på resultatlista, men no vart det sølv og bronse på dei to, då Tone Svendby vart noregsmeister i øvinga. I 1989 vart Haugland dobbeltmeister i NM for fyrste gong, etter 1,84 m i høgdehopp og 6,18 m i lengdehopp. Dobbeltmeister vart ho også året etter i Fana, der ho vart tildelt kongepokalen for vinnarresultatet 1,90 m i høgdehopp. Ho kvalifiserte seg til EM-finalen i Split, der ho klarte 1,88 m og vart nummer åtte. Både i 1992 og 1993 vart ho noregsmeister i høgdehopp, på høvesvis 1,83 m og 1,85 m. Under VM i friidrett 1993 kom ho på delt niandeplass i høgdehopp.

Midtsommars 1994 svinga Haugland seg over 1,97 m og sette endå ein ny norsk rekord. Ho gjekk på ny over 1,90 m i NM-tevlinga og vann sin andre kongepokal, dessutan vart ho noregsmeister i tresteghopp med 13,56 m, åtte centimeter lenger enn den regjerande meisteren, Lene Espegren. I europameisterskapen i Helsingfors gjekk ho over 1,93 m i finalen og vart nummer fem på same høgda som bronsevinnaren.

Haugland vart i 1995 dobbeltmeister for fjerde gong i ein noregsmeisterskap. Ho var suveren i høgdehopp med 1,90 m, men hadde hard konkurranse frå Ingvild Larsen i lengdehopp. Haugland stoppa på heile 6,48 m, hennar aller lengste hopp nokon gong, Larsen nådde 6,41 m. Under VM i friidrett 1995 i Göteborg vart ho nummer seks i høgdehopptevlinga, med 1,96 m.

Ho stopppa på 1,96 m også då ho deltok i sommar-OL 1996 i Atlanta i Georgia, og kom med det på åttandeplass. To veker seinare, i Kristiansand, fekk Haugland sin tredje kongepokal etter 1,97 m i høgdehopp.

I august 1997 var Haugland i sitt livs form. 10. august vart ho verdsmeister med 1,99 m. Tre dagar etter ho vann VM-tittelen, gjekk ho i Zürich over 2,01, gjeldande norsk rekord også i 2012. Også det året vart ho tildelt kongepokalen under NM, då med 1,95 m i sluttprotokollen. Mest heile 1998-sesongen gjekk ho skadd.

År 1999 vann Haugland sitt tiande NM-gull i høgdehopp ,og sin femte kongepokal, med eit hopp på 1,94 m. Ho vart nummer 11 i VM i friidrett i Sevilla. Året etter tok ho sin ellevte og siste NM-tittel i høgdehopp med 1,90 m. Ho avslutta si tid som aktiv med å delta i OL i Sydney, men med 1,89 m i kvalfiseringa kom ho ikkje til finalen. Grunna skadeplager la ho opp etter 2000-sesongen, 32 år gammal.

Medaljar i norske meisterskap 1985: To bronsemedaljar; høgdehopp og lengdehopp 1986: Gull i høgdehopp, sølv i lengdehopp 1987: Gull i høgdehopp 1988: Sølv i høgdehopp, bronse i lengdehopp 1989: Gull i både høgdehopp og lengdehopp 1990: Gull i både høgdehopp og lengdehopp 1992: Gull i høgdehopp 1993: Gull i høgdehopp 1994: Gull i både høgdehopp og tresteghopp, sølv i lengdehopp 1995: Gull i både høgdehopp og lengdehopp 1996: Gull i høgdehopp 1997: Gull i høgdehopp 1999: Gull i høgdehopp 2000: Gull i høgdehopp

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM i friidrett 1987 i Roma: Utslått i kvalifiseringa (1,85 m) EM i friidrett 1990 i Split: Nr 8 – 1,89 m VM i friidrett 1993 i Stuttgart: Nr 9 – 1,88 m EM i friidrett 1994 i Helsingfors: Nr 5 – 1.93 m VM i friidrett 1995 i Göteborg: Nr 6 – 1,96 m Sommar-OL 1996: i Atlanta: Nr 8 – 1,96 m VM i friidrett 1997 i Aten: Gullmedalje – 1,99 m, framom Inha Babikova (Ukraina) og Olga Kaliturina (Russland), begge 1,96 m VM i friidrett 1999 i Sevilla: Nr 10 – 1,93 m Sommar-OL 2000 i Sydney: Utslått i kvalifiseringa (1,89 m)

Personlege rekordar og årsbeste i høgdehopp År 1985 1986 1987 1988 1989 1990 1991 1992 1993 1994 1995 1996 1997 1998 1999 2000 Høgde 1,89 1,89 1,93 1,91 1,94 1,92 1,86 1,90 1,93 1,97 1,96 1,98 2,01 1,90 1,96 1,96

Ymse Haugland er gift med høgdehopparen Håkon Särnblom. Både faren Terje Haugland og farfaren Eugen Haugland var framifrå friidrettsutøvarar.

Haugland vart i 1997 tildelt Aftenpostens Gullmedalje og Sportsjournalistenes statuett som «Årets idrettsnavn». Same året mottok ho Porsgrunds Porselænsfabriks Ærespris.

Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar

Denne artikkelen bygger på «Hanne Haugland» frå , den 25. august 2012. Denne artikkelen bygger på «Hanne Haugland» frå , den 25. august 2012.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Norske høgdehopparar Kategori:Norske lengdehopparar Kategori:Norske tresteghopparar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett for Noreg Kategori:Noregsmeistrar i friidrett Kategori:Kongepokalvinnarar i friidrett Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 1996 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1996 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000 Kategori:Vinnarar av Aftenpostens Gullmedalje Kategori:Vinnarar av Bislett-medaljen Kategori:Folk frå Haugesund