mini|Kart over Hettittriket då det var på høgda av makta si kring 1290 f.Kr. mini|Inngraving av Suppiluliuma II, den siste kjente kongen over hettittane Hettittane (òg kalla hittittane) var eit oldtidsfolk som snakka hettittisk, eit språk frå den anatoliske gruppa av dei indoeuropeiske språka. Dei grunnla eit kongedøme sentrert om Hattusa, nord i det sentrale Anatolia, på 1700-talet f.Kr. På 1300-talet f.Kr. var hettittarriket på sitt største. Det omfatta då heile det sentrale området i Anatolia, området nordvest i Syria, og så langt som Ugarit og øvre Mesopotamia. Etter 1180 f.Kr. delte riket seg opp i fleire mindre hettittiske bystatar, der nokre av dei eksisterte så lenge som til 700-talet f.Kr.

Hettittarriket vart av hettittane sjølv vanlegvis kalla for «Hattis land». Det fulle namnet var «Landet til byen Hattusa». Denne skildringa kunne gjelde heile riket, eller meir avgrensa til berre kjerneområdet, avhengig av samanhengen. Ordet «Hatti» er eigenleg eit akkadisk omgrep heller enn hettittisk; det har aldri falle i samsvar med hettittiske grammatikkreglar. Til trass for nytta av namnet «Hatti» oppfatta ikkje hettittane seg som hattianarar, som hadde vore busett i området fram til byrjinga år 2000 f.Kr. og snakka hattisk, som ikkje var indoeuropéisk. Hettittane kalla språket sitt Nesili (og i eit tilfelle Kanesili), ei adverbial form som tydde «i veremåte som (Ka)nesa», truleg atterspegla det ein stor del hettittisktalande folk i den gamle byen Kanesh (dagens tyrkiske by Kültepe). Mange moderne bynavn i Tyrkia vart først nedteikna under sitt hettittiske namn, slik som Sinop og Adana, noko som gjenspeglar nærleiken til Anatolia i tid og rom til oldtidsfortida si.

Sjølv om hettittane tilhøyrde bronsealderen, var dei forløparar til jernalderen og utvikla reiskapar og våpen av jarn så tidleg som 1300-talet f.Kr. Etterspurnaden deira etter jernvarer er teke vare på i korrespondanse med utanlandske herskarar. Hettittane var likevel ikkje dei første som framstilte gjenstandar av jarn, og i heile hettittarriket si historie var jarn så sjeldan at det berre vart nytta i smykke. Dei militære sigrane deira skuldast ikkje jarn – dei førte krig med våpen av bronse – men dugleiken deira til å framstille og bruke hestetrekte stridsvogner.Kate Santon: Arkeologi (s. 183), forlaget Spektrum, Oslo 2008, ISBN 978-82-7822-704-6 Som handelsfolk tok dei med seg arva frå Sumer og spreidde mesopotamisk tenkesett rundt Middelhavet. Så då Moses førte folket sitt til «det lova landet», møtte dei eit folk, kanaanittane, som levde i ein mesopotamisk kultur.The Hittites

Geografi Hettittarriket var sentrert rundt landområda Hattusa og Neša, kjent som «Hattis land». Etter at Hattusa vart gjort til hovudstad bestod området av kurva ved elva Kızılırmak (på gresk Halys, og som dei kalla Marassantiya) som renn ut i Svartehavet, og som var kjerneområdet i riket deira. Ein del hettittiske lovar skilde mellom «denne sida av elva» og «den andre sida av elva». Til dømes var løna for å fange inn ein rømd slave etter at han har makta å flykte over elva, høgare enn for ein slave som vart fanga før han nådde elva.

Til vest og sør for kjerneområdet låg områda som var kjent som Luviya i dei tidlegaste hettittiske tekstene. Denne terminologien vart erstatta av namna Arzawa og Kizzuwatna då desse kongedøma voks fram.John Marangozis (2003): A Short Grammar of Hieroglyphic Luwian. Hettittane fortsette å referere til språket som hadde opphavet sitt i desse områda som luvisk. Før Kizzuwatna voks fram, var hjartet i dette området Kilikia, som først blir omtalt av hettittane som Adaniya.Beal, Richard H.: «The History of Kizzuwatna and the Date of the Šunaššura Treaty», Orientalia 55 (1986) ss. 424ff. Då desse gjorde opprør mot hettittane under styret til Ammuna,ibid. s. 426 trur ein at namnet Kizzuwatna spreidde seg vidare nordover til å omfatte dei nedre Antitaurus-fjella òg. På nordsida levde eit fjellfolk kalla kaskaar. Søraust for hettittane låg det hurrianske riket Mitanni. Under høgdepunktet til dette riket under regimet til Mursili II, strekte Hettittarriket seg frå Arzawa i vest til Mitanni i aust, mykje av dei kaskianske områda i nord, òg Hayasa-Azzi lengst i nordaust, og i sør inn i Kanaan, omtrent så langt som til den sørlege grensa av Libanon, og la delar av desse områda inn under herredømet sitt.

Opphav og genetikk Farao Ramses II av Egypt omtalte ofte hettittane som «humty», som på oldtidsegyptisk tydde «kvinnesoldatar», sidan det var vanleg for hettittiske soldatar å ha langt hår.Healy, M and Mcbride, A. (1992): New Kingdom Egypt (Elite). Opsrey: Elms Court

Forskarar har rekna hettittane som ein «middelhavsetnisk gruppe», noko som er eit romsleg gruppeomgrep.Gillette, Aaron: Racial Theories in Fascist Italy. Side 141 Arkeologen Henry Heras sine analysar av egyptiske biletportrett av hettittar er samanfallande med dette, sidan dei synest å ha dei fysiske karakteristikkane som er typiske for folkeslag ved Middelhavet (det ligg endå ein stor utryggleik i å trekkje konklusjonar frå biletkunst, då visuelle konvensjonar ofte spelar ei stor rolle).Heras, Henry: Studies in Proto-Indo-Mediterranean Culture. Side 447 Nokre forskarar har foreslått eit opphav frå nordaustlege delen av Afrika, då slike fysiske trekk er trudd å ha opphavet sitt i dette området.Sergi, Giuseppe: The Mediterranean Race: A Study of the Origin of European Peoples. Side 144; Mackenzie, Donald Alexander: Myths of Babylonia and Assyria. (Myth and legend in lit. and art). Side 266 Likevel framviste grekarane i antikken liknande fysiske trekk, noko som gav grunn til å mistenkje at både grekarane i antikken og hettittane nedstammar frå same forhistoriske folkesetnad i Midtausten og rundt Egearhavet.Royal Anthropological Institute of Great Britain and Ireland: Man. Side 126 Fysiske, antropologiske analysar av folkesetnader gjev likevel eit utilstrekkeleg grunnlag for å dele inn folk i avgjorde raser eller bevise folkevandringar. Opphavet til folkesetnadene i antikken skuldast mange ulike og kompliserande faktorar.Jordan-Bychov, T. & Jordan B. (2002): The European Culture Area. Lanham, MD: Roman and Littlefield Publishers, Inc.Mallory, J. & D.Q. Adam sin (rei.) (1997): Encyclopedia of Indo-European Culture. London: Fitzroy Dearborn.

Opphavet til hettittane er difor framleis eit mysterium. Det har vore hevda at hettittisk kultur og språk vart utvikla lokalt i Anatolia.Renfrew, C. (1999): «Time Depth, Convergence Theory, and Innovation in Proto-Indo-European: 'Old Europe' as a PIE Linguistic Area». Journal of Indo-European Studies. 27 (3 & 4): 257-294; Renfrew, C. (1987): Archaeology and Language. The puzzle of Indo-European Origins. Cambridge University Press Moglege geografiske opphav frå vest (Balkan), aust (via eller langs Kaspihavet eller frå høglandet i Armenia), og nord (langs Svartehavet) er berre nokre av dei foreslegne rutene for folkevandringar.Steinar, G. (1990): The Immigration of the First Indo-Europeans into Anatolia Reconsidered. Journal of Indo-European Studies. 18 (1 & 2): 185-214 Prosessen har vorte rekna som utført av ein erobrande elite,Puhvel, J. (1994): Anatolian: Autochton or Interloper. Journal of Indo-European Studies. 22 (3 & 4): 251-264 men òg alternativt som ein fredfylt prosess med gradvis assimilering.Steinar, G. (1990) I arkeologisk samanheng har hettittane vorte knytt til eit mogleg felles opphav med høvesvis Ezero-kulturen på Balkan og Maikop-kulturen i Kaukasus.Mallory, J. (1989): In Search of the Indo-Europeans. New York, NY: Thames and Hudson

Ein genetisk studie basert på dagens mannlege Y-kromosom DNA i Anatolia, framviser ei genetisk blanding av fleire geografiske opphav som kan samanfalle med fleire folkevandringar over tid. Den dominerande mannlege slektslinja for anatoliske menn blir delt med folkesetnaden i Europa og Midtausten (94,1%). Slektslinjer til Sentral-Asia, India og Afrika var langt mindre framherskande blant mennene det vart teke prøver av. Inga spesifikk avstamming vart fastslått eller identifisert som «hettittisk», men Y-kromosom haplogruppe G-M201 blir trudd å ha ei mogleg tilknyting til hettittane.C. Cinnioglu et al. (2004): Excavating Y-chromosome haplotype strata in Anatolia, Human Genetics 114(2):127-48.

Hettittane i Bibelen mini|Løveporten i Hattusa, hovudstaden til hettittane, dagens Boğazköy i Tyrkia. Omgrepet «hettittane» kjem av KJV-omsetjinga av den hebraiske Bibelen, der HTY, eller BNY-HT blir omsett til «Heths born». Desse hettittane blir forbunde med kanaanittane. Arkeologane som oppdaga hettittane i Anatolia, identifiserte dei til å byrje med med dei bibelske hettittane. I dag er identifikasjonen deira med det hettittiske riket, eller dei neo-hittiske kongedøma, eit emne for diskusjon.

Hettittane i Bibelen (òg hittittar) og Born av Het, omsett frå hebraisk חתי HTY og בני-חת BNY-HT er den andre av dei elleve kanaanitiske nasjonane i den hebraiske Bibelen. Dei er visstnok etterkommarar frå ein Het eller Heth (hebraisk חֵת), ein son av Kanaan, son av Kam, og dei er nemnt i Første Mosebok for å ha selt land til Abraham.

Tidleg på 1900-talet vart hettittane i Bibelen identifisert med eit nyleg oppdaga, indoeuropeisk-talande rike i Anatolia, ei stor regional makt gjennom det meste av 1000-talet f.Kr., spesielt mellom 1660 og 1190 f.Kr. Denne terminologien er i dag så innarbeidd at han blir brukt uavhengig av debatten om dette hettittiske riket i Anatolia var identisk med hettittane i Bibelen eller ikkje.

Hypotese om identifikasjon Gjeve årsakssamanhengen som hettittane blir omtalt i i Det gamle testamentet, har bibelforskarar før arkeologien sin tidsalder tradisjonelt sett på dei som ei mindre stamme busett i fjella i Kanaan i tidsalderen til patriarkane, inkludert Abraham. Dette biletet vart totalt endra av arkeologiske funn som plasserte senteret for Hatti/Hattusas-sivilisasjonen langt lengre nord, i dagens Tyrkia, og gjorde hettittane i Kanaan til ein periferi.

Den hebraiske Bibelen referer til «hettittane» i fleire passasjar, frå Første Mosebok til dei etter eksilbøkene Esra og Nehemja. Første Mosebok, kapittel 10 («Folkeslaga på jorda») knyter dei til ein eponymisk forfar Heth, ein etterkomar av Kam gjennom sonen Kanaan. Hettittane blir difor rekna saman med kanaanittane, dei opphavlege innbyggjarane av Det lova landet. Hettittane er vanlegvis skildra som eit folk som levde saman med israelittane – Abraham kjøpte den patriarkalske gravstaden Machpelah frå dei, og hettittane tenestegjorde som militære offiserar i hæren til kong David. I Andre kongebok 7:6 er dei derimot eit folk med sine eigne kongedøme, tilsynelatande lokalisert utanfor det geografiske området Kanaan, og mektige nok til å sende ein syrisk hær på flukt: «Herren hadde late aramearane få høyra larmen av vogner og hestar, larmen av ein stor hær. Då sa dei til kvarandre: 'Du skal sjå at Israels konge har leigd hetittkongane og egyptarkongane for å overfalla oss!'»

Det er eit emne for stor debatt blant forskarar om dei bibelske «hettittane» har samband til 1) dei opphavlege hattiarane frå Hatti; 2) deira indoeuropéiske erobrarar (Nesili) som overtok namnet «Hatti» for det sentrale Anatolia, og som i dag blir referert til som «hettittane»; eller 3) ei kanaanittisk gruppe som kan ha vore eller ikkje ha vore knytt til det eine eller begge folka i Anatolia, og som òg kan vere eller ikkje vere identisk med det seinare etter-hettittiske (luvianske) samfunnet.Sjå Woudstra, Marten H.: New International Commentary on the Old Testament: Book of Joshua, s.60, fn.33; og Bryce, Trevor: The Kingdom of the Hittites, s 389 ff. Bjarte Kaldhol meiner at dei hettittane som blir omtalt i Bibelen «var hettittar som heldt til i Syria og Palestina etter at det store hettittiske riket var gått under rundt 1180 fvt. Dei var så å seie dei menneskeleg restane av eit stort ekspanderande imperium.»Sitat frå Bjarte Kaldhols innleiing til Hettittiske skrifter, 2009