Provinsen Niğde (tyrkisk Niğde ili) er ein liten landleg provins sør i Sentral-Anatolia i Tyrkia. Innbyggjartalet er 337 931 (2010) og av dette kring 100 000 i byen Niğde. Naboprovinsane er Kayseri, Adana, Mersin, Konya, Aksaray og Nevşehir.

Provinsen er omgjeve på tre sider av Taurusfjella, inkludert Hasan og Melendiz. I vest ligg sletta Emen, som opnar opp til den vide Konyasletta. Sletta er dekt av næringsrik vulkansk jord og Niğde er eit viktig jordbruksområde, særleg for dyrking av eple og poteter.

Distrikt Provinsen Niğde er delt inn i seks distrikt (hovuddistriktet er utheva): Altunhisar Bor Çamardı Çiftlik Niğde Ulukışla

Some av byane i desse distrikta er Bademdere, Bahçeli, Çiftehan, Darboğaz, Fertek og Kemerhisar.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Niğde Province» frå , den 19. august 2012.

Bakgrunnsstoff Niğde-guvernøren si offisielle side Niğde kommune si offisielle side

Kategori:Kappadokia