Miklós Németh () er ein ungarsk, tidlegare friidrettsutøvar frå Budapest som tevla i spydkast. Han vart olympiameister i spydkast i 1976. Imre Németh, OL-vinnar i sleggjekast frå OL 1948, var far hans.

Aktiv Németh synte stort talent for spydkast i ung alder, og allereie som junior kom han på femteplassen i øvinga under europameisterskapen i 1966. Året etter kasta han spydet 87,20 m, eitt av dei aller lengste kasta i verda den sesongen. I OL-året 1968 makta han berre 81,58 m som best, og klarte heller ikkje å kvalifisere seg til finalen under OL 1968 i Mexico. Fire år seinare, under OL 1972 i München kom han på sjuande plass med 81,98 m. Sjuandeplass fekk han også under EM 1974.

I sitt tredje OL, Montreal 1976, kvalifiserte Németh seg til finalen med eit kast på heile 89,28 m. I finalen, 26. juli 1976, slo han knockout på konkurrentane i sitt fyrste kast ved å sette ny verdsrekord med 94,58 m. Dermed vann han suverent med over seks meters margin til nummer to, finske Hannu Siitonen.

Németh deltok også under OL 1980 i Moskva, der han vart nummer åtte med 82,40 m.

Han vart ungarsk meister i spydkast fire gongar; 1973, 1980-81 og 1983, vann elles åtte sølvmedaljar og tre bronsemedaljar i nasjonale meisterskap i tida 1965-83.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 1966 i Budapest: Nr 5 – 79,82 m OL 1968 i Mexico by: Utslått i kvalifiseringa (75,50 m) EM 1971 i Helsingfors: Nr 9 – 76,92 m OL 1972 i München: Nr 7 – 81,98 m EM 1974 i Roma: Nr 7 – 81,06 m OL 1976 i Montreal: Gullmedalje – 94,58 m, framom Hannu Siitonen (87,92 m) EM 1978 i Praha: Nr 6 – 83,58 m OL 1980 i Moskva: Nr 8 – 82,40 m

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Miklós Németh (athlete)» frå , den 18. august 2012.

Denne artikkelen bygger på «Németh Miklós (atléta)» frå , den 18. august 2012.

World Athletics

Kategori:Ungarske spydkastarar Kategori:Olympiske meistrar for Ungarn Kategori:Olympiske meistrar i spydkast Kategori:Ungarske deltakarar under sommar-OL 1968 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1968 Kategori:Ungarske deltakarar under sommar-OL 1972 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1972 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1976 Kategori:Ungarske deltakarar under sommar-OL 1976 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1976 Kategori:Ungarske deltakarar under sommar-OL 1980 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1980 Kategori:Vinnarar av Bislett-medaljen