Sakarya (tyrkisk Sakarya Irmağı) er ei elv i Tyrkia. Ho er den tredje lengste elva som renn innanfor grensene til Tyrkia og ligg i området som i antikken vart kalla Frygia.
Kjelda til elva er Bayat Yaylası (Bayatplatået) som ligg nordaust for Afyon. Ho tar imot sideelva Porsuk Çayı nær byen Polatlı, og renn over Adapazarıslettene før dei nådde Svartehavet. Sakarya var ein gong kryssa av Sangariusbrua, bygd av den austromerske keisaren Justinian I (regjerte 527-565).
I mellomalderen var Sakaryadalen heimstaden til Söğüt-folket, som kom til å grunnleggje Det osmanske riket.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Sakarya River» frå , den 10. august 2012.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Elvar i Tyrkia