Kjartan Alexander Lunde () er ein norsk politikar for Venstre. Han kjem frå Stavanger i Rogaland. Han er tidlegare statssekretær i Klima- og miljødepartementet og i Nærings- og fiskeridepartementet.
Politisk karriere Lunde er oppvaksen i Stavanger. Han melde seg inn i Unge Venstre i 2001. Han var leiar i Rogaland Unge Venstre 2006–2010, medlem av Unge Venstres sentralstyre 2009–2010, og direktevalt til Unge Venstres landsstyre 2010–2011. Lunde var i perioden 2012–2023 leiar i Rogaland Venstre.
I 2011 vart han uteksaminert med ein mastergrad i sivilingeniør i industriell økonomi ved Universitetet i Stavanger. Han arbeidde som rådgivar for Rogaland Venstre, og gjekk deretter over i ei konsulentstilling i Bouvet AS.
I løpet av studietida ved Universitetet i Stavanger vart Lunde valt inn i Studentparlamentet i to periodar, 2009–2011. I perioden 2010–2011 var han også landsstyrerepresentant i Norsk studentorganisasjon. I 2011 var han medlem av fredspriskomiteen til Studentenes fredspris.
I perioden mellom 2015 og 2023 var Lunde medlem av utval for by- og samfunnsutvikling i Stavanger.
Han var i perioden 2012–2015 styremedlemmer i Dale eigedomsutvikling AS. I mai 2016 vart han styremedlem i Rogaland Teater AS.
Den 26. mars 2021 vart han utnemnd til statssekretær i regjeringa Solberg.
Folkevalde verv 2023–ddLeiar, Utval for klima og natur i Stavanger 2023–dd Leiar, Klagenemnda i Stavanger 2023–ddMedlem, Administrasjonsutvalet i Rogaland 2023–ddMedlem, Vestlandsrådet 2019–ddMedlem, Fylkesutvalet i Rogaland 2015–ddMedlem, Samferdselsutvalet i Rogaland 2015–ddLeiar, Klagenemnda i Rogaland 2015–ddMedlem, Stavanger bystyre 2015–2023Medlem, Utval for by- og samfunnsutvikling i Stavanger 2015–2019Medlem, Gatenavnutvalet i Stavanger 2011–2015Nestleiar, Kontrollutvalet i Stavanger
Tillitsverv i parti 2012–ddMedlem, Venstres landsstyre 2012–2023 Leiar, Rogaland Venstre 2006–2011 Styremedlem, Rogaland Venstre 2009–2010 Medlem, Unge Venstres sentralstyre 2006–2011 Medlem, Unge Venstres landsstyre 2006–2011 Leiar, Rogaland Unge Venstre
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Lokalpolitikarar i Stavanger Kategori:Venstrepolitikarar i Rogaland Kategori:Folk frå Stavanger