Asafa Powell () er en jamaicansk sprintar som spesialiserer seg på 100 meter. Hans personlege rekord på distansen er på 9,72, og han har sprunge 200 meter på 19,90.

Asafa Powell har delteke i fleire OL og internasjonale verdsmeisterskap, men har aldri greidd å nå heilt opp til individuelt gull. Hans beste resultat på 100 meter er bronse under VM i friidrett 2007 i Osaka og ny bronse under VM i friidrett 2009 i Berlin.

Derimot har Powell vore med på å bli olympisk meister for Jamaica på 4 x 100 meter stafett. Det skjedde under sommar-OL 2008 i Beijing, då stafettlaget med Nesta Carter, Michael Frater, Usain Bolt og Powell sette ny verdsrekord. Asafa Powell var også med på det jamaicanske stafettlaget då dei tok gull under VM i friidrett 2009. Verdsrekorden vart slått av det same jamaicanske laget under VM i friidrett 2011 i Daegu, med Yohan Blake som erstatning for Powell.Verdsrekordane i friidrett for menn, hjå iaaf.org

Kjelder Nrk.no, 05.08.12: - Har aktører som fra en såpeopera World Athletics

Fotnotar

Kategori:Jamaicanske sprintarar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett for Jamaica Kategori:Olympiske meistrar for Jamaica Kategori:Jamaicanske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004 Kategori:Jamaicanske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008 Kategori:Jamaicanske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2016 Kategori:Jamaicanske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016 Kategori:Vinnarar av Bislett-medaljen