Amund Nordal Gismervik () er ein norsk stupar frå Sola. Gismervik representerer Pingvin Stupeklubb.

Karriere Amund Gismervik deltok i sitt aller fyrste VM i stuping i 2011, i Shanghai. Her vart han nummer ti på 1 meter sviktstup. Same året deltok han også i EM i stuping i Torino.

Dei siste to åra har Gismervik gått frå øvinga sviktstup og over til tårnstup for å sikta seg inn på ein mogleg OL-plass. I mai 2012 deltok han i EM i stuping i Eindhoven, der han vart nummer 12 på 10 meter. Gismervik vart teken ut til å representera Noreg under sommar-OL 2012 i London. Gismervik er den fyrste stuparen som representerer Noreg sidan Christian Styren i Sommar-OL 1992.Bergens Tidende, 02.07.12: Gismervik fikk OL-billett

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Amund Gismervik» frå , den 6. august 2012.

Kategori:Norske stuparar Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Stuparar under sommar-OL 2012 Kategori:Folk frå Sola