Eit blanda lag () deltok for fyrste gong under sommar-OL i 1896, som òg var dei fyrste moderne olympiske sommarleikane. Tre blanda lag deltok, med utøvarar frå Storbritannia, Tyskland, Hellas og Australia.
Medaljar 36px|Dei olympiske ringane 1896 Gull Sølv Bronse Totalt 40px|Blanda lag Blanda lag 1 1 1 3
Det vart ikkje utdelt gull-, sølv- og bronsemedaljar under sommar-OL 1896 i Aten. Vinnaren fekk ein sølvmedalje og andreplassen fekk ein bronsemedalje. Det var fyrst under sommar-OL 1904 det vart utdelt medaljar til dei tre beste, men Den internasjonale olympiske komitéen (IOK) har stadfesta at medaljefordelinga òg gjeld for dei olympiske leikane i 1896 og 1990.
Medaljevinnarar 40px|Blanda lag Blanda lag under sommar-OL 1896 i Aten 40px|Dei olympiske ringane Medaljar Utøvarar Idrettsgreiner Øvingar Resultat John Pius Boland (GBR) Friedrich Traun (GER) 30px|Tennis Tennis Dobbel Dionýsios Kásdaglis (GRE) Dimítrios Petrokókkinos (GRE) 30px|Tennis Tennis Dobbel Edwin Flack (AUS) George S. Robertson (GBR) 30px|Tennis Tennis Dobbel
Dionýsios Kásdaglis står oppført som gresk i medaljestatistikken til IOK frå singel tennis i 1896. Same år deltok han i dobbel tennis, saman med Dimítrios Petrokókkinos, men står der oppført som eit blanda lag. Petrokókkinos, som ikkje har vunne nokon medalje i singel tennis, er ikkje identifisert med nokon nasjon i statistikken til IOK, men alle kjelder seier at han er gresk. Kásdaglis, ein grekar busett i Alexandria i Egypt, vert oppført som egyptisk i nokre kjelder.
Edwin Flack deltok som australiar, men Australia vart ikkje ein sjølvstendig nasjon før i 1901. Dei nytta difor flagget til Det britiske imperiet, som dei var ein del av.
Kjelder
(Digitally available at ) (Excerpt available at )
Denne artikkelen bygger på «Mixed team at the 1896 Summer Olympics» frå , den 4. oktober 2007.
Kategori:Nasjonar under sommar-OL 1896 1896 Kategori:1896 i Storbritannia Kategori:1896 i Tyskland Kategori:1896 i Hellas Kategori:1896 i Australia