Heidi Løke () er ein norsk handballspelar frå Tønsberg som frå sommaren 2022 er inne i si tredje periode som Larvik HK-spelar. Ho har vunne fem EM-gull, to VM-gull og eitt OL-gull med Noreg i åra 2008-20, i tillegg til meisterligaen, tre seriegull og tre cupgull med Larvik HK. Løke er strekspelar, og kan skyte med begge hendene. Perioden 2006-20 deltok ho i 226 landskampar og skåra 801 mål.

Handballspelaren er bror hennar.

Karriere Klubbspel Løke melde overgang frå handballklubben Runar til Larvik HK i 2000. Då ho fekk lite speletid for Larvik, valde ho i 2002 å gå over til Gjerpen, ein annan toppserieklubb. Ho spela for Gjerpen i fem sesongar, deretter var ho ein sesong i danske Aalborg HK. Frå sommaren 2008 spela ho på nytt i Larvik HK, og opplevde stor suksess. Alle dei tre neste åra vart ho serie- og cupmeister med klubben, som i 2011 også vann den europeiske meisterligaen, kort før Løke forlet klubben. Ho vart toppskårar i serien både i 2009 og 2010, og dessutan begge åra kåra til årets spelar i Noreg.

Løke gjorde 2011-17 teneste i det ungarske topplaget Győri ETO. Her var ho med på å vinne IHF-meisterligaen åra 2013, 2014 og 2017. Sidan spelte ho 2017-19 på Storhamar sitt lag i den norske toppserien, deretter var ho knytt til IK Våg fram til 2022. Ho bidrog til at klubben sigra i IHF-meisterligaen 2021, men ikkje då Våg også vann meisterligaen 2022. I sitt førtiande år skreiv ho kontrakt med Larvik HK.

Landslagsspel Løke debuterte på det norske landslaget mot Ungarn den 7. april 2006, men etablerte seg aldri på landslaget før europmeisterskapen i Makedonia i desember 2008. Noreg vann meisterskapen, der Løke viste seg som ein av dei beste angrepsspelarane for Noreg. I 2009 fekk Løke VM-bronse etter norsk siger over Spania. Både i 2010 og 2011 var Løke med på norske meisterskapstriumfar. I 2010 vart Noreg europameistrar etter finalesiger over Sverige, og året etter vann Noreg VM-finalen i Sao Paulo med 32-24 over Frankrike. I begge meisterskapane kom Løke med på «allstar»-laget som beste strekspelar.

Under OL 2012 i London vart ho olympisk meister etter at Noreg vann finalekampen med 26-23 over Montenegro.

mini|Heidi Løke i Győr-drakt.

Merittar landslag EM 2008: Gullmedalje etter 34–21 mot Spania VM 2009: Bronsemedalje etter 26–21 mot Spania EM 2010: Gullmedalje etter 25–20 mot Sverige VM 2011: Gullmedalje etter 32–24 mot Frankrike OL 2012 i London: Gullmedalje etter norsk siger 26-23 over Montenegro EM 2012: Sølvmedalje etter 31–34 mot Montenegro VM 2013: Nr 5 med Noreg EM 2014: Gullmedalje etter 28–25 mot Spania VM 2015: Gullmedalje etter 31–23 mot Nederland OL 2016: Bronsemedalje etter 36–26 mot Nederland EM 2016: Gullmedalje etter 30–29 mot Nederland VM 2017: Sølvmedalje etter 21–23 mot Frankrike EM 2018: Nr 5 etter 38–29 mot Sverige EM 2020: Gullmedalje etter 22-20 mot Frankrike

Bakgrunnsstoff Landskampar Heidi Löke – Profil hos Győr

Kategori:Norske handballspelarar Kategori:Verdsmeistrar i handball Kategori:Europameistrar i handball Kategori:Olympiske medaljevinnarar i handball Kategori:Olympiske meistrar for Noreg Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Noreg Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2012 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 2012 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2016 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 2016 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 2016 Kategori:Spelarar i Handball-EM 2008 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-VM 2009 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-EM 2010 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-VM 2011 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-EM 2012 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-VM 2013 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-EM 2014 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-VM 2015 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-VM 2017 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-EM 2018 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-EM 2020 for kvinner Kategori:Folk frå Tønsberg