Håkon Eiriksson jarl () var den siste, mannlege ættlingen i Ladeætta. Han var ein av hovdingane til kong Knut den store i England, og han var herskar over Noreg i tida mellom 1028 og 1029.

I Noreg 1000–1015 Foreldra hans var Eirik Håkonsson Ladejarl (ca. 964–ca. 1024) og Gyda Svensdotter (fødd før 980).Snorre Sturlason: Soga om Olav Tryggvason, kap 90 Ho var dotter åt kong Svein Tjugeskjegg og syster til kong Knut den mektige. Håkon Eiriksson var truleg fødd i Danmark, men etter år 1000 vaks han opp på Lade i Trøndelag.

Tidleg på hausten 1015 reiste Eirik jarl til verbror sin, kong Knut, for å hjelpe han med å erobre England. Han sette då Håkon Eiriksson til riksstyrar over Noreg, saman med farbroren Svein Håkonsson Ladejarl. Håkon Eiriksson var berre om lag 17 år på den tida, og Eirik jarl sette Einar Tambarskjelve til å vere formyndaren hans. Truleg var det om lag på denne tida at Einar Tambarskjelve blei gift med Bergljot Håkonsdotter, syster til Eirik jarl og Svein jarl. Håkon Eiriksson er skildra i sogene som ein vakker mann med stort og fagert hår og det er nemnt at han gjerne hadde bunde eit gullband om hovudet.

Eiden i SauesundSnorre Sturlason: Soga om Olav den heilage, kap 30 Den same hausten kom Olav Haraldsson med ein liten hærstyrke over havet vest frå England, for å erobre Noreg. Samstundes var Håkon Eiriksson ombord på langskipet sitt, på veg nordover, etter å ha vore på vitjing hjå Erling på Sola. Ved Sauesundet nord for Askvoll låg Olav Haraldsson i bakhald og der fekk han Håkon Eiriksson i si makt. Mot å sverje frå seg riket, og love at han ikkje ville kjempe mot Olav, fekk Håkon behalde livet, og han fór derifrå med skipet sitt og segla til England. Dei ulike sogene har noko ulike versjonar av hendinga, men utan tvil gjorde den unge jarlen ein slik eid. I diktverket Noregs konungatalNoregs konungatal Skaldic Project er hendinga omtala i to av versa, og skalden Ottar Svarte nemner i «Hovudlausn»,Hovudlausn av Ottar Svarte (Skaldic Project) eit dikt han gjorde omkring 1023, først at kong Olav kom til lands «midt på Noreg» (beittuð miðjan Noreg) og at han deretter «tok skeiden til Håkon, med drusteleg prydnad, til fange» ( ..tókt skeið Hôkonar með skreyttu reiði ok þá sjalfa..).

Våren etter vann Olav Haraldsson over Svein jarl i slaget ved Nesjar (25. mars 1016) , og stutt tid etter blei han teken til konge over Noreg.

I England I England fann Håkon Eiriksson straks faren, Eirik jarl, og morbroren, kong Knut. Dei hadde då byrja erobringskrigen som førte til at kong Knut blei teken til konge over heile England ved juletider 1016. Håkon Eiriksson blei straks godt motteken, han blei omtala som «thegn» og fekk ei høg stilling i hirda til kong Knut. Seinare, truleg i 1019, fekk han eit stort len å styre i Worcestershire i MerciaThe Prosopography of Anglo-Saxon England (PASE) Hemming.Codicellus 251-2Google Books A Companion to the Anglo-Norman World, Christopher Harper-Bill, Elisabeth Van Houts (2002), side 8 og 47 (Vest-Midlands), og i brev og dokument er han nemnt som «Eorl», «Dux», eller «comes». I engelske kjelder er namnet hans skrive «Hakon» eller Hacun», og vi finn han som vitne i mange engelske diplom i åra 1019, 1022, 1023, 1024 og 1026.Kemble The Anglo-Saxon Charters Website ( Attestations of earls) Til dømes: i eit gåvebrev av 1019Diplomatarium Norvegicum Gåvebrev av 1019 er han mellom vitna ført opp som «Hacun dux», like eins i eit gåvebrev av 1024.Diplomatarium Norvegicum Gåvebrev av 1024

Han var ein framståande person mellom skandinavane i England, og til dømes av «rangplasseringa» på dimploma, kan ein sjå at han i 1021 og seinare blei rekna mellom dei øvste av kong Knut sine jarlar.

Håkon Eiriksson jarl var ein kristen fyrste, truleg blei han døypt i Danmark då han var fødd. Vi finn òg prov på dette frå tida i England. I det som blir kalla Thorney Gospel book frå ThorneyklosteretAbbey of Thorney British History Online i Cambridgeshire utanfor London, er der fleire lister med personar som var tekne opp som medbrør i klosteret sitt andelege brorskap. Mellom dei finn vi både Eirik jarl (Eric, Cnut's Viking brother-in-law) og Håkon Eiriksson jarl (Hakon of Worcester).

Kong Knut hadde ei syster som heitte Gunnhild og som var gift med Vortigern, truleg ein polsk fyrste. Dei hadde ei dotter som òg blir kalla Gunnhild, og det er mykje som talar for at Håkon Eiriksson jarl var gift, eller kanskje berre trulova med henne.The chronicle of Florence of Worcester ref. år 1029. (Gunnhild Vortigerndotter og Håkon Eirikson jarl var i så fall syskenborn)

Hærferdene 1026 og 1028

I 1026 gjekk kong Olav Haraldsson, i allianse med svenskekongen Anund Jakob, til krig for å legge under seg Danmark. Kong Knut, saman med Håkon Eiriksson jarl, rusta då ut ein flåte og drog til Danmark for å verje landet. På denne hærferda skal Kong Knut ha ført eit drakeskip på 60 rom og Håkon jarl eit drakeskip på 40 rom, og dei hadde mange andre store og velrusta skip. Det kom då til eit slag ved Helgeå i Skåne som hadde som utfall at den svensk/norske flåten måtte gi opp hærferda. Kong Olav Haraldsson hadde truleg ikkje kongsmakt i Noreg etter denne tida.

I året 1028 segla kong Knut og Håkon jarl med ein stor flåte til Trondheimen, og utan sverdstrid blei kong Knut teken til konge over Noreg. Deretter blei det halde eit tingmøte i Nidaros, der kong Knut kunngjorde at systersonen hans, Håkon Eiriksson, skulle ha styringa med Noreg, og sonen hans, Hardeknut, skulle vere konge over Danmark.Tøgdråpa av Torarin Lovtunge (Skaldic Project) Det er nærliggande å tenke seg at, nå Håkon på denne måten "fekk" Noreg av kong Knut, var det gjort slik fordi då blei ikkje eiden frå Sauesundet broten.

Omkring årsskiftet 1028/1029 fekk Håkon Eiriksson jarl melding om at Olav Haraldsson var på veg nordover langs kysten med ein hærflåte, for å freiste å vinne att herredømet over Noreg. Jarlen kalla då ut ein stor hærstyrke i Trondheimen og segla sørover for å møte fiendeflåten. Då Olav Haraldsson fekk nyss om dette, rømde han med skipa sine inn i Storfjorden og gjekk på land på Sylte i Valldalen. Deretter drog han over fjella og ned i Gudbrandsdalen og reiste til sist ut av landet.Snorre Sturlason: Soga om Olav den heilage, kap 177-182

Omkom på havet Hausten 1029, om lag eit år etter at han hadde fått styringa med Noreg, gjorde Håkon Eiriksson jarl ein tur attende til England. Det er uvisst kva ærendet hans var, men i alle høve la han ut på heimferda seint på hausten, truleg straks etter Martinsdagen (11. november 1029). Som det var vanleg på den tida, segla dei nordover langs kysten av England og nord til Orknøyane eller Shetland, for deretter å segle vest over Nordsjøen til Noreg. Men Håkon jarl og skipet hans kom bort på sjøen, truleg forliste dei under ein vinterstorm på Pentlandsfjorden. Med han døydde den siste mannlege ættlingen i Håløygeætta, og Snorre skreiv at landet (Noreg) då var hovdinglaust.

I den Den angelsaksiske krønika stend det skrive for året 1030 at «Hakon the doughty earl» døydde på sjøen. Det er særs uvanleg at krønikene i det heile omtalar dødsfallet til ein person som verken var kongeleg eller geistleg. Ordet doughty kan ikkje omsetjast direkte til eit norsk ord, men det gir han ein særs positiv karakteristikk som ein djerv og dugande jarl, og det skulle tyde på at han var ein kjend og respektert person i England i samtida.Håkon jarl Eiriksson (998-1030) Nytt kildemateriale og nye synspunkter – av Arne Odd Johnsen, Universitetsforlaget 1981

Lektor og magister Hallvard Gunnarsson (ca. 1550-1608) gav i 1606 ut verket Chronicon regum Norvegiæ (Norges kongekrønike)Norges kongekrønike side 149 (Universitetsforlaget 1992) der han førte opp Håkon Eiriksson som Noregs 8. konge, med ei styringstid på to år.

I den offisielle norske kongerekkaDen norske kongerekken (Det norske kongehus) er Håkon Eiriksson jarl ført opp som den 9. kongen, med ei styringstid på to år (1028–1029), rett nok med dette litt merkverdige tillegget om «dansk styre» (til liks med alle ladejarlane).

Etterkomarar Engelske og danske kjelder nemner at Gunnhild Vortigerndotter og Håkon Eiriksson jarl hadde ei dotter som heitte Bodhild (Bothild). Ho skal seinare ha blitt gift med med den danske stormannen Ulf Galiciefarar(Galisse-Ulv)Knytlinga Saga (C.C.Rafn), kap.75 i Danmark. Sonen deira var Thrugot Ulvsson Fagerskinna. Mellom etterkomarane deira finn vi mange danske stormenn og danske kongar.

Merknader

Kjelder

Litteratur CNUT The danes in England in the early eleventh century - av M K Lawson (Longman 1993) Cnut’s Earls - artikkel av av Simon Keynes (1994) Norsk biografisk leksikon Håkon Eiriksson Ladejarl Norges Mynter i Middelalderen av C.I.Schive ( H. Tönsberg, Christiania 1865 ) Jarleætta av Martin Furseth (ISBN 978-82-300-1308-3) 2015.

Kategori:Norske regentar Kategori:Jarlar av Lade Kategori:Folk frå vikingtida Kategori:Nordmenn frå norrøn tid Kategori:Folk i Heimskringla