Sleepless er ein song av bandet King Crimson, gjeven ut på singel i 1984. Songen er henta frå albumet Three of a Perfect Pair (1984) og er mest kjend for den særeigne basslinja i opninga, der Tony Levin slår på strengane for å skape ein pulserande rytme. Singelen kom ut med «Nuages (That Which Passes, Passes Like Clouds)» som B-side. Ein 12"-versjon vart òg gjeven ut av singelen med alternative miksar av songen. Desse miksane vart gjevne ut på 2001-utgåva av albumet som bonusspor.
Medverkande Robert Fripp - gitar Adrian Belew - gitar, vokal Tony Levin - bassgitar, Chapman stick, synthesizer, vokal Bill Bruford - trommer
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Sleepless (song)» frå , den 16. juli 2012.
Kategori:King Crimson-songar Kategori:Songar frå 1984 Kategori:Singlar frå 1984