Bruno Benedetto Rossi () er ein italiensk-amerikansk fysikar. Rossi er kjend for oppdagingar innan kosmisk stråling, mellom anna påvising av partikkelskurar, av partiklar med stor gjennomtrengingsevne og av partiklar med ekstremt høge energiar. Han er òg kjend for utvikling av eksperimentelle metodar som vert nytta inna koinsidensmålingar, særskild Rossi-krinsen.

Han var professor i Padova frå 1932 til 1938 og oppheldt seg i København, Manchester og Chicago. Frå 1940 til 1943 var han tilknytt Cornell University, så Los Alamos Scientific Laboratory fram til 1946, før han vart professor ved Massachusetts Institute of Technology. Her var han fram til 1970.

Kjelder Bruno Benedetto Rossi. () I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/Bruno_Benedetto_Rossi

Kategori:Italienske astronomar Kategori:Italienske jødar Kategori:Folk tilknytte Manhattanprosjektet Kategori:Italienske fysikarar Kategori:Partikkelfysikarar Kategori:Folk frå Venezia Kategori:Wolfprisen i fysikk