1756 (romartal MDCCLVI) var eit skotår som byrja på ein torsdag i den gregorianske kalenderen og eit skotår som byrja på ein måndag i den julianske kalenderen. Dette året braut Sjuårskrigen mellom alle dei europeiske stormaktene ut.

Hendingar mini|«The English Lion dismembered». Britisk avisteikning etter at Frankrike hadde teke Menorca.

Utlandet 12. april: Opptakt til Sjuårskrigen då Frankrike invaderte britisk-styrte Menorca. 15. mai: Sjuårskrigen braut formelt ut då Storbritannia erklærte krig mot Frankrike. 29. august: Sjuårskrigen. Fredrik II av Preussen invaderte Sachsen. 14. oktober: Danmark-Noreg og Det osmanske riket skreiv under på ein vennskaps- og handelsavtale. Danmark-Noreg og Sverige gjekk inn i ein sjøunion for å verna handelsskip på Nordsjøen. Noreg Sildefiskeria ved norskekysten var dei beste for heile 1700-talet.

Fødde

27. januar: W.A. Mozart, austerriksk komponist 29. februar: Christian Frederik Hansen, dansk arkitekt 3. mars: William Godwin, engelsk tenkjar og forfattar 17. april: Dheeran Chinnamalai, tamilsk leiar 6. juni: John Trumbull, amerikansk målar 21. oktober: Philippine Engelhard, tysk diktar

Døde

25. februar: Eliza Haywood, engelsk skodespelar 4. april: Marie Sophie de Courcillon, fransk adelskvinne 24. juni: Olof Celsius d.e., svensk botanikar 1. juli: Giambattista Nolli, italiensk arkitekt 22. september: Abu l-Hasan Ali I av Tunisia 11. desemeber: Keisarinne Maria Amalia av Austerrike

Kjelder