mini|Denne simulerte proton-proton-kollisjon syner det som kan vera eit Higgs-boson. Partiklane deler seg i to strålar av hadronar og elektronar, synlege som linjer. Higgs-boson er ein elementærpartikkel i standardmodellen som forklarer at dei fleste partiklar har ein kvilemasse. Bosonet er kalla opp etter forskaren Peter Higgs som utforma teorien om denne partikkelen. Eksistensen av Higgs-bosonet vart først stadfesta på 4. juli 2012 og var frå teorien først vart lagd fram i 1964 eit av dei store måla innan partikkelfysikken.http://www.storm.no/nyheter/bekrefter-at-higgsbosonet-er-funnet-3825274.html Partikkelen har ein masse på 125,3 ± 0,6 GeV.
Teorien går ut på at alle partiklar i utgangspunktet er masselause, men ved låg energi vil dei partiklane som vekselverkar med Higgs-bosonet opptre som massive partiklar. Denne effekten er nært relatert til eit fenomen kalla spontant symmetribrot, som trengst for at Higgs-partikkelen skal kunne generere masse for dei andre partiklane. Sidan Higgs-bosonet styrer alle andre partiklar vert det på folkemunne òg kalla «Gudepartikkelen».
Higgs-bosonet vart påvist i eksperiment ved partikkelakseleratoren Large Hadron Collider ved CERN. Eit av hovudmåla med LHC var nettopp å leite etter bevis for at Higgs-partikkelen eksisterer.
Kjelder
Kategori:Boson Kategori:Partikkelfysikk Kategori:Standardmodellen Kategori:Elektrosvak teori Kategori:Masse Kategori:Kvantefeltteori