Viking Fotballklubb er ein norsk fotballklubb frå Stavanger i Rogaland. Klubben har både herrelag og damelag.
Herrelaget spelar i Eliteserien, medan damelaget spelar i 1. divisjon frå og med 2025-sesongen. I tillegg har Viking breiddeverksemd og lag på fleire nivå i seriesystemet.
Klubben vart grunnlagd den 10. august 1899 og er den største og leiande fotballklubben i Rogaland. Viking vert rekna som eitt av dei mest meritterte laga i norsk fotball gjennom tidene, med ni seriemeisterskap og seks cupmeisterskap.
Viking spelar heimekampane sine på Lyse Arena i Jåttåvågen (tidlegare kjent som Viking stadion). Stadion vart opna den 1. mai 2004. Før det nye stadionet opna, var Stavanger stadion på Eiganes heimebana. Draktene til laget består tradisjonelt av mørkeblå trøyer, kvite bukser og mørkeblå sokkar.
Viking kvinner
Viking sitt damelag spelar i 2025-sesongen i 1. divisjon fotball for kvinner. Laget spelar heimekampane sine på Lyse Arena i Jåttåvågen, som vart opna i 2004.
Draktene til Viking Kvinner er dei same som for herrelaget: mørkeblå trøyer, kvite bukser og mørkeblå sokkar.
Viking menn Med andreplassen sin på maratontabellen er herrelaget til Viking eitt av dei mest suksessrike fotballaga i Noreg gjennom historia. Laget har spela i toppdivisjonen sidan denne vart etablert, med unntak av sesongane 1966–67, 1987–88 og 2018.
Viking har til saman vunne åtte seriemeisterskap og seks noregmeisterskap. Herrelaget spelar heimekampane sine på Lyse Arena. Tilskodarrekorden på stadion for seriekamp er mot 24. juni 2007. Kapasiteten er tilskodarar.
Eliteserien 2025
Spelarstall (herrar) Oppdatert 15. juli 2025 A-lag menn
Utlånte spelarar
Historie Idrettslaget Viking vart grunnlagd i Stavanger 10. august 1899. Den første fotballen som Viking kjøpte, vart levert frå Hall & Hamlin i Hull i England i september 1899.Stavanger Aftenblad: «Fra fotballens barndom i Stavanger», 9. november 1937, s. 6. På 1950-talet hadde klubben grupper for herrefotball, friidrett, boksing, bryting, handball og orientering. I 1986 vart idrettslaget delt opp i Viking Fotballklubb, Viking Ishockeyklubb og Viking Håndball.
Viking FK er ein av dei mest suksessrike klubbane i norsk fotballhistorie. Herrelaget har andreplass på maratontabellen frå 1949 til 2018. Viking har spela i toppdivisjonen med berre tre korte unntak (1966–67, 1987–88 og 2018). Klubben har til saman vunne ni seriemeisterskap (1958, 1972, 1973, 1974, 1975, 1979, 1982, 1991, 2025) og seks noregmeisterskap (1953, 1959, 1979, 1989, 2001 og 2019).
Lyse Arena
Lyse Arena (tidlegare Viking stadion) er heimearenaen til Viking. Frå 1917 spelte Viking heimekampane sine på Stavanger stadion, men på 2000-talet kom det konkrete planar om å flytta og byggja eit nytt fotballstadion. 1. mai 2004 vart Viking stadion opna då Viking spelte 1–1 i seriekampen mot framfor 15 300 tilskodarar. Tilskodarsnittet den sesongen vart 12 439, det høgaste snittet i Vikings historie. Den noverande rekorden er frå 2007, med 15 936 i snitt.Årsrapport for Viking Fotball ASA
Stadion ligg ved Jåttåvågen i Hinna bydel. Anlegget har berre sitjeplassar, varmelampar i taket og moderne fasilitetar. Lyse Arena har òg VIP-område med plass til om lag 1 040 VIP-gjester, og den totale tilskodarkapasiteten er 15 900. Arenaen vert òg nytta til større konsertar.
Merittar (herrar) Seriemeisterskap (9): 1958, 1972, 1973, 1974, 1975, 1979, 1982, 1991, 2025 Sølv i serien (2): 1981, 1984 Bronse i serien (9): 1968, 1971, 1978, 1994, 1996, 2000, 2001, 2007, 2021, 2024 Cupmeisterskap (6): 1953, 1959, 1979, 1989, 2001, 2019 Cupfinalar (sølv) (5): 1933, 1947, 1974, 1984, 2000
Flest mål for Viking (herrar) Spelar Mål Periode Reidar Kvammen 202 1931–1952 Trygve Johannessen 181 1974–1982 William Danielsen1801931–1952 Arthur Kvammen 176 1924–1940 Egil Østenstad 167 1990–2005
Flest kampar for Viking (herrar) thumb|Erik Johannessen står med 501 kampar for Viking mellom 1971 og 1983. # Spelar Kampar Periode1 André Danielsen553 2003–20192 Svein Kvia 551 1965–19803 Sigbjørn Slinning523 1961–19824 Erik Johannessen 501 1971–19835 Torbjørn Svendsen 500 1974–19866 Sverre Andersen 482 1952–19717 Thomas Pereira 431 1997–20098 Bjarte Lunde Aarsheim 425 1993–20059 Olav Nilsen 414 1959–197410Isak Arne Refvik 407 1976–1986
Kjende spelarar mini|Brede Hangeland vart cupmeister med Viking i 2001. Reidar Kvammen Isak Arne Refvik Edgar Falch Bjarne Berntsen Sverre Andersen Svein Fjælberg Olav Nilsen Erik Thorstvedt Reidar Goa Gunnar Aase Sigbjørn Slinning Thomas Myhre Svein Kvia Erik Nevland Erik Johannessen Brede Hangeland Trygve Johannessen Rune Jarstein
André Danielsen er den Vikingspelaren med flest kampar, med 553 før han la opp i 2019.
Supporterklubb Vikinghordene er Viking sin offisielle supporterklubb. Viking Oslo er supportergruppa i Oslo, medan Viking Hamar er supportergruppa på Hamar.
Kjelder
Bakgrunnsstoff Viking F.K. sin gamle nettstad Offisiell nettstad for Viking Fotballklubb Vikinghordene sin nettstad
Kategori:Fotballag i Stavanger Kategori:Fotballag skipa i 1899 Kategori:1899 i Noreg