Palikir er hovudstaden i Mikronesiaføderasjonen. Han ligg på øya Pohnpei, og hadde i 2010 eit innbyggjartal på . Han er del av kommunen Sokehs.

Palikir ligg rundt ei mil vest for Kolonia, den største byen og den tidlegare hovudstaden i landet. Han ligg i ein skogdekt del av Pohnpei. Den japanske okkupasjonsmakta bygde ei flystripe her under andre verdskrigen.

Landområdet blei utpeikt i 1985 som ny hovudstad for føderasjonen, og staden for dei føderale institusjonane. Det blei bygd eit kompleks med ni regjeringsbygningar her. Forbundsregjeringa tok offisielt dei nye lokala i Palikir i bruk i november 1989.King, Joan: Federated States of Micronesia, The Contemporary Pacific, årg. 3, nr. 1, 1991, s. 184. Presidenten, kongressen og høgsteretten i Mikronesiaføderasjonen held til her.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Mikronesiaføderasjonen Kategori:Hovudstader i Oseania