Arvidsjaur kommune er ein kommune i Norrbottens län i landskapet Lappland i Sverige. Kommunen har grensar mot nabokommunane Arjeplog, Jokkmokk, Älvsbyn, Piteå, Skellefteå, Norsjö, Malå og Sorsele. Administrasjonssenter i kommunen er Arvidsjaur.

Etymologi Namnet «Arvidsjaur» har ingenting med mannsnamnet Arvid å gjere, men kjem frå det umesamiske ordet árviesjávrrie, avleidd frå árvies («gåvmild» eller «den som gjev mykje») og jávrrie («sjø»), og syner til fisket i den nærliggande innsjøen med same namn. Aruens jäff var i 1607 namnet på den samebyen der Arvidsjaur kyrkje vart bygd.

Samisk språk Samisk har status som offisielt minoritetsspråk i kommunenDet svenske Språkrådets nettsider, om minoritetsspråk og Arvidsjaur inngår i forvaltningsområdet for samisk språk i Sverige.

Administrativ historikk Sokndanninga i nordlege delar av Sverige var sein; Arvidsjaur sokn vart danna i 1606 ved oppdeling av Piteå sokn. Deretter var det nokre fleire oppdelingar fram til kommunalreformen i 1863, og landskommunen Arvidsjaur vart danna. Kommunen har ikkje blitt slått saman med andre kommunar, men har same grensar som soknet hadde i 1863. Mellom 1895 og 1962 utgjorde Arvidsjaur eit municipalsamhälle.

Geografi mini|Inlandsbanan i Arvidsjaur. Arvidsjaur kommune ligg ved Inlandsbanan midt i landskapet Lappland, ca. 110 km sør for Polarsirkelen.

Tettstader Arvidsjaur kommune hadde tre tettstader (tätorter) i 2005. I tabellen er folketalet per 31. desember 2005.

# Tettstad Innbyggjarar1Arvidsjaur46442Glommersträsk3063Moskosel299

Småstader Arvidsjaur hadde fire småstader (tätorter) i 2005. I tabellen er folketalet per 31. desember 2005.

# Småstad Innbyggjarar1Abborträsk1432Lauker773Auktsjaur634Järvträsk51

Næringsliv Næringslivet i kommunen er dominert av skogsindustrien, turistnæring og av offentleg sektor ved mellom anna Arméns jägerbataljon. Det er 420 føretak som opererer i kommunen.

Dessuten testar ein vinterklimaet til franske, italienske og tyske bilar i kommunen.

Samferdsel mini|Tårnet ved Arvidsjaur lufthamn. Frå Arvidsjaur lufthamn går det daglege fly til Stockholm. Inlandsbanan går òg gjennom Arvidsjaur. E45 går gjennom kommunen.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Arvidsjaur kommune» frå , den 27. juni 2012. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad Informasjonsportal for Arvidsjaur

mini|399px|center|Panorama over Arvidsjaur.

Kategori:Kommunar i Norrbottens län