mini|Treriksrøysa mellom Noreg, Sverige og Finland. mini|Den svensk-norsk-finske treriksrøysa avmerkt på eit kart. Treriksrøysa er namnet på to vardar som ligg langs den norske riksgrensa i fylket Troms og Finnmark. Ei treriksrøyse indikerer staden der riksgrensene til tre land møter kvarandre, trelandsgrense. Ved den eine røysa møter riksgrensene til Sverige, Noreg og Finland kvarandre, og ved den andre grensene til Noreg, Finland og Russland.

Det finst som lag 176 trelandsgrenser i verda. Desse vert indikerte på ulikt vis i form av vardar, monument, grensestolpar og naturlege omgjevnader (t.d. fjelltoppar og djupålar). På engelsk kallar ein punktet der tre landegrenser møter kvarandre for tripoint.

Treriksrøysa mellom Noreg, Finland og Sverige Treriksrøysa (svensk Treriksröset, finsk Kolmen valtakunnan rajapyykki) mellom Noreg, Sverige og Finland ligg nær Skibotn ved .

Monumentet vart reist i 1897 av dei norske og russiske (som styrte Finland på den tida) styresmaktene. Svenskane vart ikkje samde om grensa med nordmennene og deltok ikkje med sin stein før i 1901. Dette er òg det nordlegaste punktet i Sverige og det vestlegaste punktet på det finske fastlandet. Det vestlegaste punktet i Finland er øya Märket).

Sjølve trepunktsmonumentet er laga i betong og er forma som ei flat kjegle, og ligg om lag 10 meter ut i innsjøen Goldajärvi. Monumentet vart bygd i 1926 og har ein diameter på 4 meter.

Ein kan nå punktet til fots, 11 km frå Kilpisjärvi i Finland. Om sommaren kan ein nå punktet med båt frå Kilpisjärvi og ein 3 km lang gåtur.

Treriksrøysa mellom Noreg, Finland og Russland Treriksrøysa mellom Noreg, Finland og Russland ligg vest for Grensefossen i Pasvikdalen i Finnmark, . Det er mogeleg å vitja treriksrøysa ved å køyra 12 mil frå Kirkenes til Grensefossen, dinest 5 km til fots. Røysa ligg 145 moh. mini|Den norsk-russisk-finske treriksrøysa

Restriksjonar

Det er ynskja at ein held minst éin meter avstand frå den russiske grensa, og ikkje oppheld seg i grensegatene. Det er forbode å gå rundt denne røysa sidan ein då kryssar både den russiske riksgrensa og den ytre grensa til Schengenområdet. Det er forbode å kasta gjenstandar over grensa til Russland. Det er forbode å klatra på røysa og/eller taka på hjartesteinen (trekanta kvit stein på toppen av røysa). Det er forbode å fotografere russisk personell eller militært utstyr, eller teleobjektiv på russisk territorium.

Ein har lov til å taka på røysa - så lenge det er innanfor den norske og finske sida av grensa. Det finst norske og russiske vakter som overvaker grensa. På norsk side vert fotturistar som regel følgde til røysa av grensevakter, for å hindra ulovleg kryssing av grensa til Russland. Det er mogeleg å grilla mat ved den norske vaktposten 15 meter frå grensa.

Treriksrøysa ligg mellom tre tidssoner, høvesvis UTC+1, UTC+2 og UTC+3.

Galleri

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Treriksrøys» frå , og «Treriksröset» frå den 22. juni 2012.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Geografiske ytterpunkt i Finland Kategori:Geografiske ytterpunkt i Sverige Kategori:Norrbottens län Kategori:Den svensk-finske riksgrensa Kategori:Den norsk-finske riksgrensa Kategori:Den norsk-svenske riksgrensa Kategori:Den norsk-russiske riksgrensa Kategori:Den finsk-russiske riksgrensa Kategori:Trelandsgrenser Kategori:Vestlegaste punkt Kategori:Nordlegaste punkt