mini|Skarsvåg. Skarsvåg er ei bygd i Nordkapp kommune i Finnmark fylke.
Bygda ligg ved Risfjorden nordaust på Magerøya, og er rekna som det nordlegaste fiskeværet i verda. Det bur om lag 80 menneske her (2011).
I Skarsvåg er det ein fjellformasjon, Kirkeporten, som er ein førkristen samisk offerstad med utsyn mot Nordkappklippa og Nordkapphornet. Det er også eit kapell frå 1961 og campingplass i området.
Kjelder
Turistside på heimesidene til Nordkapp kommune
Kategori:Bygder i Finnmark Kategori:Fiskevær i Finnmark Kategori:Busetnader i Nordkapp