Könkämäälven (finsk Könkämäeno, nordsamisk Geaggáneatnu) er den nordlegaste elva i Sverige og er om lag 100 kilometer lang. Elva har kjelda si i Kilpisjärvi nær Treriksrøysa. Elva renn gjennom eit flatt, nesten aude myrlandskap og lange delar av ho er eigna for bruk av småbåtar. Ti kilometer vest om Karesuando flyt elva saman med Lätäseno og dannar Muonio älv.
Sidan freden i Fredrikshamn i 1809 mellom Sverige og Russland har elva utgjort ein del av grensa til Sverige mot Finland i nordaust.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Könkämäälven» frå , den 18. juni 2012.
Kategori:Elvar i Sverige Kategori:Elvar i Finland