Søndeled herad er eit tidlegare herad i Aust-Agder fylke. Heradet grensa til Gjerstad, Sannidal og Skåtøy, Risør bykommune, Dypvåg og Holt og Vegårshei.
Geografi Søndeled herad låg heilt aust i Aust-Agder fylke, på grensa til Telemark. Heradet femna tre fjordar, Sørfjorden, Nordfjorden og Sandnesfjorden. Nordfjorden og Sørfjorden blir kalla Søndeledfjorden. Det største øya er Barmen og liggar midt i Søndeledfjorden.
Namnet Søndeled Namnet Søndeled har opphav som eit fjordnamn og tyder "leia gjennom sunda". Den eldste skrivemåten er ifølgje Oluf Rygh i Norske Gaardnavne anten Sundaleid, Sundaleidr eller Sundaleidi. Professor Rygh meiner at namnet Søndeled eigentleg skal ha vore namnet på fjorden og derifrå over til garden inst i fjorden og kyrkja.
Soga Det har budd folk i Søndeled sidan Noreg blei fri for is. Søndeled kyrkje er bygd på 1150-talet. Den eldste garden i Søndeled er garden Søndeled i bygda Søndeled. I 1723 blei Øster-Risøer hamn, (på garden Randviks grunn) eigen bykommune. Før 1864 høyrte Lyngør, Risøya i Dypvåg og Gjeving til Søndeled, men blei seinare lagt under Dypvåg herad (No Tvedestrand kommune). 1. Januar 1964 blei Søndeled slege saman med Risør bykommune. Då budde det 3134 i Søndeled herad.
Skular i Søndeled Søndeled skule (1-7kl.) - Søndeled skule ligg i bygda og tidlegare administrasjonssentret Søndeled. Rektor ved skulen er Trine Bergum. Hope oppvekstsenter (1-7kl.) - Hope oppvekstsenter ligg bygda Hope sør for Sandnesfjorden. Rektor og leiar ved oppvekstsenteret er Kristin Nielsen Vintermyr. Risør barneskule - (1-7kl.) Risør barneskule ligg på Kjempesteinsmyra på Randvik i Ytre Søndeled. Rektor ved skulen er Erik Hjelmberg. Risør ungdomsskule - (8-10kl.) Risør ungdomsskule ligg på Kjempesteinsmyra på Randvik i Ytre Søndeled. Rektor ved skulen er Anne Synnøve Drage.
Idrett og aktivitet Idrettslag - Me har to idrettslag: Idun IL på Søndeled og Hope IL på Hope. Fotball - Me har to fotballag. Eit på Søndeled og eit på Randvik (Risør fotballklubb). Me har au to fotballbanar ein på Vormli på Søndeled og ein på Kjempesteinsmyra på Randvik Handball - Det er berre eit handballag i Søndeled og det er Risør handballklubb.
Folkenamn Folk som bur i heile Søndeled herad heiter søndølingar.
Kjende folk frå Søndeled Halvor Olsson Stamsøy - lærar, gardbrukar, lensmann og stortingsmann Tallak Lindstøl - lokalhistorikar
Avis Aust Agder Blad er lokalavisa for Søndeled. Den går under kallenamnet "Arket".
Bakgrunnsstoff Søndeledboka bind 1,2 og 3.
Kategori:Søndeled Kategori:Tidlegare kommunar i Aust-Agder