Porvenir (spansk for «Framtid») er ein chilensk by på Storøya i Eldlandet. Porvenir er ein bykommune og provinshovudstad i den chilenske provinsen Eldlandet i Región de Magallanes y de Antártica Chilena. I 2002 registrerte ein 5465 innbyggjarar, noko som gjer Porvenir til den største chilenske byen på øygruppa.

Historie

Byen vart grunnlagt i 1883 under gullrushet på Eldlandet. Mange gullgravarar kom då sørover frå Fastlands-Chile, og europearar på jakt etter lukka kom med skip over Atlanteren til «den nye verda». Dei fyrste busetjarane i Porvenir var kroatiske innvandrarar og folk frå Los Lagos-regionen, lenger nord i Chile. Enno finst det noko gull her som blir utvunne av bergverksselskap.

Næringsliv

mini|venstre|Kyrkja etter San Francisco de Sales

I dag lever innbyggjarane mest av saueavl og fiske frå småbåtar. Større skip og trålarar kjem ikkje inn på hamna av di det ligg så mange skipsvrak i leia. Elles finst her eit moderne fengsel, og eit regiment av den chilenske hæren er stasjonert her. Porvenir har også eit slaktarhus som er aktivt i korte periodar kvart år. Porvenir er ingen stor turistby enno, men inneheld fleire hotell og restaurantar.

Kjelder

Denne artikkelen byggjer på «Porvenir, Chile» frå , den 13. juni 2012.

Kategori:Byar i Chile Kategori:Eldlandet Kategori:Busetnader grunnlagde i 1883 Kategori:Región de Magallanes y de Antártica Chilena