Torsby kommun er ein kommun i Värmlands län i landskapet Värmland. Centralort er Torsby noko som gjer kommunen til ein av dei 42 som har eit tidlegare municipalsamhälle som centralort. Kommunen er den 22. største i Sverige ut frå areal og er større enn Vestfold fylke. Dagens utstrekning fekk han i første halvdel av 1970-åra ved samanslåinga av kommunane Fryksände, Östmark, Vitsand, Norra Ny og Finnskoga Dalby. Venskapskommunen til Torsby i Noreg er Bømlo kommune.
Torsby kommun er med i den svensk-norske samarbeidsregionen som blir kalla ARKO, og er med i same arbeidsmarknadsområde som Sunne kommun.
Tettstader Torsby kommune har seks tettstader. Folketalet i tabellen er frå 31. desember 2005.
# Tettstad Innbyggjarar 1. Torsby 4 012 2. Sysslebäck 539 3. Oleby 334 4. Stöllet 255 5. Ambjörby 246 6. Östmark 205
Kjende folk frå Torsby Sven-Göran Eriksson, fotballtrenar Bengt Berg, forfattar og lyrikar
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Torsby kommune» frå , den 27. juni 2012.
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad
Kategori:Kommunar i Värmlands län
fi:Torsby