Purpendicular er det femtande studioalbumet til det engelske rockebandet Deep Purple, gjeve ut i 1996. Det er deira første album med gitaristen Steve Morse frå Dixie Dregs, som erstatta Ritchie Blackmore.
Innspeling Albumet vart spelt inn på Greg Rike Productions, Orlando i Florida frå februar til oktober 1995 og lydteknisk tilrettelagt av Darren Schneider og Keith Andrews. Det hadde ei meir eksperimentell tilnærming enn tidlegare album. Arrangementet til «The Aviator», nytta eit akustisk folk/country-arrangement som ikkje hadde vore å høyra på tidlegare album av bandet sidan «Anyone's Daughter» frå Fireball. På fleire av låtane, som «Vavoom: Ted the Mechanic», var det mindre klaverspel og meir gitar. Morse introduserte klypeharmonikk i lydbiletet til bandet, som på «Vavoom: Ted the Mechanic» og «Somebody Stole My Guitar». «Sometimes I Feel Like Screaming» og «Vavoom: Ted the Mechanic» heldt fram med å vere faste innslag i Deep Purples-setlista på dei siste turneane.
Til liks med tittelen på det etterfølgjande albumet til bandet, Abandon, er Purpendicular eit ordspel, i dette tilfellet basert på namnet til bandet og ordet «Perpendicular».
Innhald
Medverkande Deep Purple Ian Gillan – solovokal, munnspel Steve Morse – gitar, korvokal Jon Lord – klaverinstrument Roger Glover – bass Ian Paice – trommer
Produksjon Darren Schneider, Keith Andrews – lydteknikarar, miksing i Parc Studios, Orlando, Florida Adam Barber – assisterande lydteknikar Greg Calbi – mastering i Masterdisk, New York
Salslister Liste (1996) PlasseringDen japanske albumlista (Oricon) 28
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Purpendicular» frå , den 14. juli 2023. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Deep Purple-album Kategori:Musikkalbum frå 1996 Kategori:CMC International-album Kategori:RCA Records-album