Romanske språk er ei undergruppe av dei italiske språka, nærmare bestemt etterkomarane av dei latinske dialektane som vart tala av vanlege folk i det som blir kalla Det latinske Europa, kjende som folkeleg latin, som utvikla seg i ulike område etter Romarriket braut saman.

Dotterspråka til latin er ulike av ymse årsaker: Historisk isolasjon, innverknad av tidlegare språk i dei områda som kom under romarstyre, invasjonar og kontakt med andre kulturar, for å nemne nokre faktorar. Ordet romansk kjem frå det latinske ordet romanice, bruka i uttrykk som parabolare romanice, å tale på romersk.

Dei mest bruka romanske språka er spansk (kastiljansk), portugisisk, fransk, italiensk og rumensk. Det er mykje dialektvariasjon, og det er ikkje noko klårt skilje mellom eit «språk» og ein «dialekt». Somme variantar er privilegerte i dét at dei er hovudspråket i media og utdanning i sine respektive land. Det gjeld nettopp fransk, italiensk, spansk (kastiljansk), portugisisk, rumensk og etter 1975 også katalansk.

Språkoversyn Dette språktreet er ordna hovudsakleg i retning frå vest mot aust (der det lèt seg gjere).

Indoeuropeiske språk Romanske språk Sudromansk Sardisk Italo-vestromansk Vestromansk Pyreneisk-mozarabisk Gallo-iberisk Ibero-romansk Vestiberisk Portugisisk Galisisk Spansk (kastiljansk) Jødespansk (djudezmo) Austiberisk Katalansk Oc (oksitansk) Provençalsk Gallo-romansk Gallo-retisk Oïl Normannisk Fransk Franco-provençalsk Retisk Rumantsch (retoromansk) Ladinsk Friulsk Gallo-cisalpinsk (gallo-italisk) Piemontesisk Ligurisk Lombardisk Emiliansk-romagnolsk (Venetisk) Italo-dalmatisk Dalmatisk (utdøydd) Italiensk Midt- og søritaliensk Siciliansk Napolitansk-kalabresisk Austromansk Rumensk/moldovsk

Kategori:Indoeuropeiske språk