Exotic Birds and Fruit er det sjuande studioalbumet til det britiske progrockbandet Procol Harum. Det kom ut i 1974. I Argentina vart albumet gjeve ut som «Pájaros Y Frutas Exóticas», som tyder «Birds and Exotic Fruit». Plateomslaget vart laga av Jakob Bogdani, ein slovakisk kunstnar som var kjend for å måleri av eksotiske fuglar og frukt (som er tittelen på albumet på engelsk).
Innspeling Chris Thomas var produsent på albumet, som vart spelt inn i George Martin sitt Air London Studios i London. I følgje Gary Brooker ønskte bandet denne gongen å lage eit album utan orkester.Brooker interview, Patrick Humphries 2009 for Salvo reissue of "Exotic Birds and Fruits"
At dei spelte inn albumet med enklare instrumentering viste seg å vere lurt fordi innspelinga leid av at straumen gjekk mange gonger på grunn av ein strid mellom Edward Heath-regjeringa og dei britiske fagforeiningane.
Mottaking Exotic Birds and Fruits vart godt teken imot då det kom ut av kritikaranePatrick Humphries, 2009 men nådde berre 86. plassen på den amerikanske Billboard-lista. Den første singelen frå albumet var «Nothing But The Truth».
Innhald
Medverkande Gary Brooker - piano og vokal Chris Copping - Hammondorgel Mick Grabham - gitar BJ Cole - pedalsteelgitar Alan Cartwright - bassgitar B.J. Wilson - Trommer
Teknisk Produsert av Chris Thomas Lydteknikar: John Punter
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Exotic Birds and Fruit» frå , den 26. mai 2012. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff ProcolHarum.com - ProcolHarum.com om albumet
Kategori:Procol Harum-album Kategori:Musikkalbum frå 1974 Kategori:album produserte av Chris Thomas Kategori:Chrysalis Records-album Kategori:Festival Records-album Kategori:Repertoire Records-album