Donna Summer () var ein amerikansk songar og låtskrivar. Ho var internasjonalt kjend for discomusikken sin, og hadde tilnamnet «Discodronninga» (The Queen of Disco). Ho hadde fleire topplisteplasseringar, og fleire av albuma hennar selde til gull eller platinum.
Liv Donna Summer var fødd som LaDonna Adrian Gaines i Dorchester i Boston i den amerikanske delstaten Massachusetts. Ho var ein av dei sju ungane til Andrew og Mary Gaines, ein slaktar og ein lærar. Frå ho var lita song ho aktivt i kyrkja dei høyrde til.
Sjølv om Donna Summer seinare blei vidkjend som discomusikar, voks ho opp med rock og brukte også denne musikkstilen som inspirasjon. Som tenåring blei ho det einaste farga medlemmet av blues- og rockegruppa Crow. Som attenåring reiste ho heimefrå for å spela i musikalen Hair på Broadway. Seinare flytta ho til München i Tyskland. Ho spelte i tyske versjonar av Godspell og Show Boat og fekk etterkvart tysk statsborgarskap.
I 1971 gav Summer ut singelen «Sally Go Round the Roses» utan suksess, og solokarrieren låg på vent til 1974. Ho gifta seg med den austerrikske skodespelaren Helmuth Sommer i 1972, og fekk dottera Mimi året etter. Dei to skilde lag etter to år, men Donna heldt på den anglifiserte forma av etternamnet hans, Summer.
Summer gjorde mange musikkjobbar på teater og i studio i mange år, og var medlem av popgruppa FamilyTree frå 1974 til -75. Det første albumet hennar, Lady Of The Night frå 1974, blei berre seld i Europa. Hennar store gjennombrot kom i 1975 då Pete Bellotte produserte songen «Love To Love You, Baby» i Musicland Studios. Den endelege songen blei ein «discodisk» på 17 minutt, og gjorde stor suksess. Dette innleidde også det mangeårige og fruktbare samarbeidet mellom Donna Summer og produsentparet Pete Bellotte og Giorgio Moroder. Samarbeidet resulterte i hittar som «Try Me, I Know We Can Make It», «Could It Be Magic», «I Feel Love», «I Remember Yesterday», «I Love You», «Rumour Has It», «Last Dance», «On the Radio», «Bad Girls», «Hot Stuff», «Dim All The Lights», «The Wanderer» og «Carry On». Summer samarbeidde også med produsentar som Quincy Jones («State Of Independence» og «Love Is In Control (Finger On The Trigger)») og det engelske teamet Stock Aitken Waterman («This Time I Know It's For Real»). Ho hadde ein topphit med «She Works Hard For The Money» på 1980-talet, som blei ein song for kvinnerørsla. Summer skreiv også songar til andre, som «Starting Over Again», som blei ein hit med Dolly Parton i 1980.
Donna Summer var frå 1980 og til ho døydde gift med Bruce Sudano, eit av medlemmene i gruppa Brooklyn Dreams. Saman med han hadde ho døtrene Brooklyn og Amanda Grace.
Summer vann fleire grammyprisar, og fekk Oscarprisen for beste song i 1978 for «Last Dance».
Diskografi Studioalbum 1974 - Lady of the Night 1975 - Love to Love You Baby 1976 - A Love Trilogy 1976 - Four Seasons of Love 1977 - I Remember Yesterday 1977 - Once Upon a Time... 1978 - Live and More 1979 - Bad Girls 1980 - The Wanderer 1982 - Donna Summer 1983 - She Works Hard for the Money 1984 - Cats Without Claws 1987 - All Systems Go 1989 - Another Place and Time 1991 - Mistaken Identity 1994 - Christmas Spirit 2008 - CrayonsDonna Summer allrovi.com
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Donna Summer» frå , og «Donna Summer» frå den 17. mai 2012.
Kategori:USA-amerikanske songarar Kategori:USA-amerikanske låtskrivarar Kategori:Folk frå Boston Kategori:Afroamerikanske songarar Kategori:Grammy-vinnarar Kategori:Oscarvinnarar Kategori:Discoartistar