Bernhard Mogens Herre () var ein dansk-norsk forfattar kjend for boka En Jægers Erindringer som Welhaven og Asbjørnsen redigerte og utgav posthumt i 1850.
Den vesle samlinga inneheld fem korte prosaperler med melankolske naturstemningar frå Herre sine mange og lange jaktturar i Nordmarka og på Krokskogen.
Liv og «karriere» Herre var son av den danske handelsmannen Christian Friedrich Gottlieb Herre og Marie Christine Haagensen. Faren gjekk konkurs i København og familien flytta til Christiania i 1819, der faren slo seg opp igjen til han i 1834 gjekk konkurs for andre gongen. Så lenge familien var ein del av christaniasosieteten var Camilla Wergeland ein flittig gjest i huset og Herre var håplaust forelska i ho frå første stund. Ei tid var den fem år eldre Welhaven privatlæraren til Herre, og Herre freista på det mest sjølvutslettande viset å hjelpe dei to venene sine til å bli eit par.Collett, Breve... side 98 Som vaksen var han ein ven og beundrar av Welhaven.
Lekser og skolefag hadde ikkje Herre nokon interesse av, og tok ikkje høgare utdanning. Med berre ein såkalla «preliminæreksamen» frå 1834 i lomma fekk han ikkje anna enn ein keisam post som kopist i den såkalla Diskonteringskommissionen i Finansdepartementet. Han hadde ei kjensle av å ha evner til meir enn å kopiere dokument for hand, så «copist Herre» blei full av nederlagskjensle, melankoli og sjølvforakt.
Herre gjekk mykje på jakt i skogsområda rundt Christiania og her enda livet hans etter at børsa hans gjekk av i ei bratt og ulendt li på Mellomkollen i «Maridalsalpane». Omstenda bak blei aldri klarlagde, men med tanke på det vanskelege terrenget er ikkje eit vådeskot usannsynleg. Likevel kan notisen i Morgenbladet to dagar etter dødsfallet tolkast som ei freisting på å formidle at det var sjølvmord, noko dei etter tidas skikk ikkje kunne skrive eksplisitt.Outsiderens posisjoner – forfatterintervju med Niels Fredrik Dahl på Bokvennen litterært magasin
En Jægers Erindringer Etter at Herre i 1840-åra kom i kontakt med den litterære krinsen kring Camilla og Peter Jonas Collett, blei han ven av P.C. Asbjørnsen. Herre freista å hjelpe Asbjørnsen med innsamling av segn og eventyr, og inspirert av desse erfaringane og dei nye litterære kontaktane sine våga han i 1841 å gje ut dei tre forteljingane «Sæterpigen og Jægeren», «Føstretiden»dvs. «oppfostringstida»; den tida dyr og fuglar fostrar opp ungane sine. og «Krogkleven» i Den Constitutionelle – anonymt.Rolf Nyboe Nettum sitt etterord til 1997-utgåva av En Jægers Erindringer
Etter at Herre var død innsåg Welhaven og Asbjørnen at dei skissene som låg igjen etter han hadde såpass litterære kvalitetar at dei var verd ei utgjeving. Dei normaliserte nokre dialektuttrykk dei meinte ikkje passa i ei litterær tekst og gav i 1850 ut En Jægers Erindringer. Boka inneheld dei tre forteljingane som var publisert i Den Constitutionelle, pluss «I Nordmarken» og «Skovene». I tillegg kom melodramaet «Carl» som Welhaven omarbeida og forkorta for å freiste å redde frå katastrofe. Det interessante med den elles svake novella er at den kan lesast som ei omskriving av trekantforholdet mellom Camilla Wergeland, Welhaven og Herre.Bernard Herre på Norsk biografisk leksikon Inntektene av salet gjekk til mora til Herre.
Dei poetiske natursansingane til Herre har fascinert fleire generasjonar, og boka har kome ut i fleire opplag. I 1860-åra blei ho utgjeve på svensk i samlinga Skizzer från Norge.. Ei utgåve med varsamt modernisert språk av Odd Inge Langholm og illustrasjonar av Chrix Dahl kom i 1966. I innleiinga til denne utgåva skreiv Francis Bull at Herre hadde skrive «de første levende naturskildringer» på 1800-talet frå skogtraktane rundt hovudstaden og at «etter mer enn hundre år lyder dens toner fremdeles til oss som et stemningsbevegende stykke klassisk musikk.»
I 1997 kom boka i fotografisk opptrykk av 1966-utgåva utstyrt med etterord av Rolf Nyboe Nettum. Han skriv at En Jægers Erindringer ikkje er å forstå som nasjonalromantikk, men som poetisk realisme. Dei få menneska Herre skildrar i forteljingane sine er jordnære arbeidsfolk; seterjenta er ikkje skildra som romantikken si slanke og grasiøse draumekvinne, men «rundformet», sterk, sunn og praktisk; andletet til tømmerhoggaren er prega av det harde slitet i skogen; og nokre ungar han møter i skogen veit ikkje anna enn at dei bur «på den andre siden av åsen» og viser seg å bu i eit usselt skur av bakhun lent opp mot ein fjellvegg, «i Form af en efter Diagonalplanet gjennemskaaren Terning».«I Nordmarken», En Jægers Erindringer 1850, side 49 Men menneske er ikkje Herre sin primære interesse. I staden formidlar han si eiga oppleving og sansing av naturen rundt seg på ein måte som gjer han til ein pionér i norsk litteratur. «Makeløst får han frem lysbrytningene, fargenyansene, årstidenes spor i trær og gress,» skriv Nettum.
Ettermæle mini| Minneplakaten over Bernhard Herre på Mellomkollen Skog- og friluftsetaten i Oslo har sett opp ein minneplakat ved stien til Mellomkollen, om lag 30 meter over staden der ein reknar med at det fatale skotet fall.Bernhard Herre på kjentmannsmerket.org Niels Fredrik Dahl dikta i romanen Herre (2009) rundt dei kjende historiske fakta om forholdet mellom Bernhard Herre, Camilla Wergeland og Johan Sebastian Welhaven.En merkelig trekanthistorie - omtale på NRK.no Bernhard Herres vei på Smestad i Oslo er oppkalla etter Herre.
Sitat Frå «Sæterpigen og Jægeren» «Jeg stod en Aftenstund ved Nordsætervangen paa Krogskoven. Himlen var saa gjennemblank, Solen sank blussende rød ned bag Krogkleven, de lange Skygger laae over Vangen, og Skoven var saa dyb og uigjennemtrængelig. Hvor jeg vendte mig hen, saae jeg den nordiske vemodige Pragt omkring mig.«Sæterpigen og Jægeren», En Jægers Erindringer 1850, side 3
Frå «Føstretiden»«Henne paa Myren, der hvor den taber sig i Skoven, spiller Luften mellem de vanskabte Træer, og over den rolige, blanke Søe ligger der langs Sivene hede, qvælende Dampe. Ingen Lyd svæver mellem Træerne, intet Liv sees her; Alt er Taushed og Øde; en tung, unaturlig Søvn har lagt sine Arme om Planter og Dyr.«Føstretiden», En Jægers Erindringer 1850, side 17
Frå «Krogkleven» «Jeg havde vel været her hundrede Gange; men denne Klevs største Værd er det, at den aldrig er liig sig selv. Snart hviler Skyen sig paa Fjeldets Toppe og glider i næste Moment ned i Dalen; snart spiller Lysningen i de stærkeste Farver hist og her langs Aasernes Sider, medens enkelte Partier hvile i en næsten sortagtig Skygge.»«Krogkleven», En Jægers Erindringer 1850, side 21
Verk En Jægers Erindringer, P.T. Malling, Christiania 1850, (posthumt) I lett modernisert språkdrakt ved Odd Inge Langholm: En jegers erindringer, ISBN 82-05-24754-4
Referansar og fotnotar
Litteratur Camilla Collett Breve fra Ungdomsaarene, 1931, red. Leiv Amundsen
Bakgrunnsstoff
Bernhard Herre på kjentmannsmerket.org Digitaliserte bøker av Herre hos Nasjonalbiblioteket.
Kategori:Norske forfattarar Kategori:Forfattarar frå Oslo Kategori:Utvalde artiklar 2014