Yanar Dağ (aserbajdsjansk for «Eldfjellet») er ein naturgassbrann i ei åsside på Absjeronhalvøya ved Kaspihavet nær Baku, hovudstaden i Aserbajdsjan, som i seg sjølv er kjend som «eldlandet». Flammane stig tre meter opp i lufta frå eit tynt, porøst sandsteinlag. Bilete av Yanar Dag og slamvulkananeThe Geology Institute of the Azerbaijan Academy of Sciences syner skilnaden mellom denne utsivinga og dei «sedimentære vulkanane» eller «gass-olje-vulkanane», som ligg under land og sjø i den kaspiske regionen. Aserbajdsjan har den største konsentrasjonen av slike slamvulkanar i verda, sjølv om andre finst i Tyrkia, Turkmenistan og andre stader òg. mini|venstre|Nærbilete av gassen flammane ved Yanar Dagh

Yanar Dag er òg kjend med namna «pilpila», «bozdagh», «ahtarma» og «gaynarja». I motsetnad til slamvulkanane brenn flammane i Yanar Dag ganske jamt, og kjem av gass som siv ut frå underjorda. Det er hevda at flammane i Yanar Dag vart tent ved eit uhell av ein gjetar i 1950-åra. Det er ikkje noko gjørme eller væske som siv ut av berget, slik det gjer frå nærliggande slamvulkanar.

I området kring flammane er lufta fylt av lukta av gass. Små bekkar i nærleiken av Yanar Dag kan setjast fyr på med ei fyrstikk. Desse bekkane, som elles verkar rolege, vert kalla Yanar Bulaq - «brennande kjelder».

Alexander Dumas, som vitja området, skildra ein liknande eld han såg i regionen i eit av parsisme-templa kring elden. Berre nokre få slike eldfjell finst i verda i dag, og dei fleste av dei er i Aserbajdsjan. Slike naturlege flammar har vore kjend i området sidan antikken og vart omtalt av historiske forfattarar som Marco Polo.

mini|venstre|Yanar Dag og månen.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Yanar Dag» frå , den 17. april 2012. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Fjell i Aserbajdsjan Kategori:Geografi i Baku Kategori:Religion i Aserbajdsjan Kategori:Turistmål i Aserbajdsjan