Høgskolen i Vestfold (HiVe) var ein høgskole i Vestfold, og ein av 24 statlege høgskolar i Noreg, før skulen 1. januar 2014 vart slegen saman med Høgskolen i Buskerud til ein høgskule med namnet Høgskolen i Buskerud og Vestfold.
Soge Høgskolen i Vestfold vart skipa i 1994, då tre statlege høgskolar i Horten og Tønsberg vart samanslegne som fylgje av Høgskulereforma det året. Frå 1994 til 2010 var høgskolen lokalisert både i Borre ved Horten og på Eik utanfor Tønsberg. Frå skulestart 2010 vart all verksemda lokalisert på Bakkenteigen i Borre. I tillegg dreiv HiVe eit studiesenter i Tollboden i Larvik med om lag 60 studentar.
Høgskolen tilbaud fag- og profesjonsstudie innan maritime fag, sjukepleie, ingeniør, samfunnsfagleg og pedagogisk utdanning, som kunne takast i varierande lengder frå halvårseiningar til bachelorgrader, mastergrader og enkelte doktorgradsprogram, samt ei rekkje kurs-, etter- og vidareutdanningar.
Organisasjon
Frå hausten 2010 var høgskolen inndelt i fire fakultet:
Fakultet for helsevitskap Fakultet for humaniora og utdanningsvitenskap Fakultet for teknologi og maritime fag Fakultet for økonomi og samfunnsvitenskap
Høgskolen tilbaud mastergrader i:
barnehagepedagogikk og profesjonskunnskap helsefremjande arbeid mikrosystemteknologi norskdidaktikk pedagogikk psykisk helsearbeid tverrfagleg samfunnsvitskap maritim leiing (Nordic Master in Maritime Management; NOMAR).
Høgskolen tilbaud også internasjonalisering av studia.
Kjelder
Denne artikkelen byggjer på «Høgskolen i Vestfold» frå , den 7. april 2012. Høgskolen i Vestfold si nettside
Kategori:Universitetet i Søraust-Noreg Kategori:Utdanning i Vestfold Kategori:Horten kommune Kategori:Larvik kommune Kategori:Skipingar i 1994 Kategori:Statlege høgskular i Noreg Kategori:Nedleggingar i 2014