Stora Essingen er ein bydel og ei øy i Stockholms innerstad i Mälaren. Bydelen grensar til Fredhäll, Lilla Essingen, Gröndal, Smedslätten, Äppelviken og Alvik.

Øya har eit areal på 0,73 kvadratkilometer og er kraftig kupert. Øya heitte tidlegare Hessingen.

Omkring 1870 byrja ein å byggje arbeidarbustader og sommarhytter her. I 1907 byrja ein å selje tomter, men først i 1928, då Stora Essingebron vart innvigd, vart det fart på salet. I den sentrale delen av bydelen, omkring Essingetorget, finst det leilighetsbygg, elles består det meste av busetnaden av einebustader.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Stora Essingen (øy i Mälaren)» frå , den 7. april 2012.

Kategori:Bydelar i Stockholm Kategori:Øyar i Stockholm