mini|høgre|Eit av mange objekt frå DigitaltMuseum: Bartekopp frå Porsgrunds Porselænsfabrik frå ca. 1908.
DigitaltMuseum er ein felles database over samlingar i norske og svenske kunst- og kulturhistoriske museum. Tenesta vart skipa i 2009. Databasen vert utvikla og driven av KulturIT, som er eigd av Maihaugen og Norsk Folkemuseum, og mottek støtte frå Norsk kulturråd, tidlegare ABM-utvikling. Målet med DigitaltMuseum er at musea sine samlingar skal vere lett tilgjengelege for alle interesserte, uavhengig av tid og stad.
Per juni 2025 var om lag 5 350 000 fotografi og 4 000 000 gjenstandar frå 347 museum og 400 samlingar tilgjengelege på nettstaden til DigitaltMuseum.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Museum i Noreg Kategori:Databasar Kategori:Skipingar i 2009