Apostilb er ei måleining for lystettleik eller luminans frå ei fullstendig diffus eller matt flate. Det vil seie at flata sender ut like mykje lys i alle retningar. Eininga har symbol asb og 1 asb er lik 1/π candela/m².

Apostilb er ikkje godkjent som SI-eining.

Kjelder apostilb. (26. mars 2012) I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/apostilb

Kategori:Fotometri Kategori:Måleiningar for luminans Kategori:CGS-einingar