Paul Abraham () var ein ungarsk-jødisk komponist og musikar.

Liv Paul Abraham vart fødd i byen Apatin, som da låg i Ungarn, men som i dag er ein del av den serbiske provinsen Vojvodina.

Abraham studerte musikk ved musikkonservatoriet og den kongelege musikkhøgskulen i Budapest. Dei første suksessane hans var med klassiske musikkstykke og han fekk m.a. ein Josef Haydn-pris i 1922. Økonomiske problem tvinga han til å søkje arbeid, og han vart i slutten av 1920-åra dirigent i Budapest, og der vart dei to første operettane hans oppførte utan nokon særleg suksess.

I 1929 flytte Abraham til Berlin og arbeid ved Metropolteatret. I ein av UFAs musikkfilmar fekk ein av songane hans, «Bin kein Hauptmann, bin kein grosses Tier» stor suksess, og i kjølvatnet av denne kom dei operettane som gjorde han vidkjend.

1930 – Viktoria und ihr Husar 1931 – Die Blume von Hawaii 1932 – Ball im Savoy

Da nazistane kom til makta i 1933 vart musikken hans fordømt som entartet («utarta»), og som jødisk komponist var han ikkje lenger velkommen. Han flytte derfor til Wien, berre for å snart bli tvinga til å gje seg på flukt att — denne gongen til USA via Cuba.

Den mentale helsa hans hadde sidan byrjinga av 1930-åra vore noko vaklande (han leid m.a. av utprega basillskrekk), og ho vart stadig verre. Han døydde på eit sjukehus i Hamburg i 1960.

Verk Zenebona (Der Gatte des Fräuleins) Operette i 3 akter (saman med andre komponistar). Uroppført 1928 i Budapest. Libretto: L. Lakatos og S. Brody Viktoria und ihr Husar Operette i 3 akter + forspel. Uroppført 21. februar 1930 i Budapest, Hauptstädt. Operettentheater. Libretto: Alfred Grünwald og Fritz Löhner-Beda Die Blume von Hawaii Operette i 3 akter. Uroppført 24. Juli 1931 Leipzig, Neues Theater. Libretto: Alfred Grünwald og Fritz Löhner-Beda, etter Imre Földes Ball im Savoy Operette i 3 akter + forspel. Uroppført 23. desember 1932 i Grosses Schauspielhaus i Berlin. Libretto: Alfred Grünwald og Fritz Löhner-Beda. Engelsk: Ball At The Savoy, 8. september 1933 ved Drury Lane Theatre i London. Märchen im Grand-Hotel Lystspeloperette i 3 akter. Uroppført 29. mars 1934 ved Theater an der Wien i Wien. Libretto: Alfred Grünwald og Fritz Löhner-Beda. Dschainah, das Mädchen aus dem Tanzhaus. Operette i 3 akter. Uroppført 21. desember 1935 ved Theater an der Wien i Wien. Libretto: Alfred Grünwald og Fritz Löhner-Beda Roxy und ihr Wunderteam Musikalsk fotballspel. Uroppført 1937 i Wien Der weisse Schwan 193? Es geschehen noch Wunder i 193? Julia Operette i 3 akter. Uroppført 1937 i Budapest Zwei glückliche Herzen. Libretto av Robert Gilbert og Armin L.Robinson. Oppføringsdato ukjend.

Kjelder «Paul Abraham» på Svensk Wikipedia «Paul Abraham» på Tysk Wikipedia

Kategori:Ungarske musikarar Kategori:Tyske musikarar Kategori:Ungarske komponistar Kategori:Tyske komponistar Kategori:Askenasiske komponistar Kategori:Operettekomponistar