Djuice var eit dotterselskap til teleselskapet Telenor og selde mobilabonnement i Noreg og Europa. På verdsbasis var Djuice verdas neste største mobiloperatør basert på abonnement til yngre menneske med 12 millionar abonnentar.

Historie Djuice blei oppretta som Telenors ungdomssatsning i år 2000, og driv i dag verksemd i Noreg og Ungarn (frå 2003), Bangladesh (frå 2005), Montenegro (frå 2008), Pakistan (frå 2006), Sverige og Ukraina (frå 2003). Operatøren hadde også drift i Malaysia, New Zealand og Thailand, men trekte seg etter kvart heilt ut.

Bangladesh Djuice blei lansert i Bangladesh av Grameenphone 14. april 2005, på den bengalske nyårsaftan. Heilt sidan lanseringa fekk djuice mykje god respons frå publikum. Før to år hadde passert i Bangladesh hadde selskapet nådd 2 millionar abonnentar.

Djuice Bangladesh hadde eit talentprogram kalla dRockstars som søkte etter dei beste rockebanda i landet.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Djuice» frå , den 23. juli 2012.

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad

Kategori:Norske telekommunikasjonsselskap Kategori:Skipingar i 2000