«The Social Network Song (OH OH - Uh - OH OH)», opphavleg «Facebook, Uh, Oh, Oh (A Satirical Song)», var det sanmarinske bidraget i Eurovision Song Contest 2012 i Baku i Aserbajdsjan, framført på engelsk og italiensk av Valentina Monetta. Songen er skriven av Ralph Siegel, Timothy Touchton og José Santana Rodriguez.

Eurovision Song Contest 2012 San Marino måtte kvalifisere seg til finalen gjennom éin av dei to semifinalane. Landet fekk plass i den fyrste semifinalen 22. mai 2012.

Diskvalifisering 18. mars 2012 vedtok Den europeiske kringkastingsunionen (EBU) å diskvalifisere «Facebook, Uh, Oh, Oh (A Satirical Song)» fordi han braut regelen om at ingen bidrag skal innehalde nokon form for reklame, i dette tilfellet for Facebook. 22. mars 2012 valde dei ein ny versjon av songen, «The Social Network Song (OH OH - Uh - OH OH)», som sitt bidrag i Eurovision Song Contest 2012.

Semifinale 1 Songen starta som nummer elleve, etter Israel med «Time» av Izabo og før Kypros med «La La Love» av Ívi Adámou. San Marino fekk til saman 31 poeng og enda på 14. plass av totalt 18 bidrag. Landet fekk sin beste plassering sidan debuten i 2008, men gjekk ikkje vidare til finalen av di dei ikkje var mellom dei ti beste. Hadde ein berre nytta telefonrøystar hadde bidraget fått 25 poeng og enda på 13. plass og hadde ein berre nytta juryrøystar hadde bidraget fått 48 poeng og enda på 14. plass.

12 poeng10 poeng8 poeng7 poeng6 poeng5 poeng4 poeng3 poeng2 poeng1 poeng

Mottaking Songen fekk blanda og negativ mottaking. Ewan Spence, skribent på Forbes.com, skildra det sanmarinske bidraget som «den mest flaue Eurovision-songen på mange år. Komponist Ralph Siegel, som tidlegare har skrive 19 Eurovision-bidrag, skulle visst betre».

Kjelder

eurovision.tv - San Marino

Denne artikkelen bygger på «The Social Network Song» frå , den 23. mars 2012.

Kategori:Fleirspråklege songar Kategori:Ikkje-deltakande Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2012-songar Kategori:Sanmarinske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Engelskspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Italienskspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Songar om media Kategori:Songar skrivne av Ralph Siegel Kategori:Valentina Monetta-songar