For songen av same namn, sjå songen Barcelona

Barcelona er regionshovudstaden og den største byen i den autonome regionen Catalonia og den nest største byen i Spania med om lag 1,6 millionar innbyggjarar. Han er den tiande største byen i Den europeiske unionen og byområdet er det sjette største i EU med 4,2 millionar innbyggjarar.Demographia: World Urban Areas 4,9 millionarSN – Department of Economic and Social Affairs: World Urbanization Prospects (2007 revision), Table A.12Organization for Economic Cooperation og Development: Competitive Cities in the Global Economy, OECD Territorial Reviews, (OECD Publishing, 2006), Table 1.1Àmbit Metropolità. Sèrie temporal (catalan) bur i Barcelona storbyområde. Dei tilstøytande byane og kommunane vert kalla Área Metropolitana de Barcelona (AMB) og har 3,2 millionar innbyggjarar.

Barcelona ligg ved kysten av Middelhavet mellom munningane til elvane Llobregat og Besòs. Han grensar i vest til fjellkjeda Serra de Collserola (512 moh).

Barcelona vert rekna som ein verdsby på grunn av finans, handel, media, underhaldning, kunst og internasjonal handel. Barcelona er eit størt økonomisk senter og ein av dei viktigaste hamnene ved Middelhavet i Europa. Barcelona lufthamn er den nest største i Spania etter Madrid-Barajas lufthamn (handsamar om lag 30 millionar passasjerar årleg). Han vart grunnlagd som ein romarby og vart sete for grevane av Barcelona. Etter at grevskapet vart slått saman med Kongedømet Aragón var han ein av dei viktigaste byane i kongemakta Aragón. Byen har fleire gonger vore omleira gjennom historia og Barcelona er i dag eit viktig kultursenter og ein stor turistdestiasjon med ei rik kulturarv. Her finst kjende byggverk av Antoni Gaudí og Lluís Domènech i Montaner som er innskrive på verdsarvlista til UNESCO. Byen var òg vertsby for sommar-OL 1992

Som hovudstad i Catalonia er Barcelona sete for dei katalanske styresmaktene, kjend som Generalitat de Catalunya.

Namn Namnet Barcelona kjem frå det levantin-iberiske namnet Barkeno, som er funne i ein myntinskripsjon skrive med iberisk skrift: 34px|Barkeno skrive med det levantin-iberiske alfabetet.Emerita: Revista de Lingüística y Filología clasica 11 (1943), s. 468 I greske kjelder er byen omtalt som Βαρκινών;Klaudios Ptolemaios, ii. 6. § 8 og i latinske kjelder som Barcino, BarceloAvienus Or. Mar. og Barceno.Itin. Ant.

I mellomalderen var byen til ulike tider kjend som Barcinona, Barçalona, Barchelona og Barchenona.

Symbol Byvåpenet til Barcelona stammer frå mellomalderen og dukka opp første gong i 1329, med hovudsakleg same utforming som det har i dag.«L'escut de Barcelona» ved Societat Catalana de Genealogia Våpenskjoldet er delt inn i fire delar, med georgskrossen, som er raud på kvit bakgrunn, øvst til venstre og nedst til høgre og grevesymbolet, som består av fire raude striper på gul eller forgylt bakgrunn, øvst til høgre og nedst til venstre. Grevesymbolet er det same som har gjeve opphav til flagget senyera og går igjen i våpna og flagga til fleire område som tidlegare var ein del av kongemakta Aragón. Over våpenskjoldet er det ei krone, som symboliserer herredømet til kongamakta Aragón over byen. Under Franco-regimet vart våpenet endra til å berre to raude striper i grevesymbolet; først i 2004 vart det opphavlege våpenskjoldet igjen offisielt.

Flagget stammar direkte frå våpenet og har same komposisjon, men utan krona.

Historie Det finst to segner om grunnlegginga av Barcelona. Den eine går ut på at byen til sogehelten Herakles 400 år før Roma vart grunnlagd med namnet Βαρκινών. Den andre segna går ut på at byen vart grunnlagd av den kartagiske Hamilcar Barca, far til Hannibal, som kalla byen Barcino etter familien sin på 200-talet fvt.Oros. vii. 143; Miñano, Diccion. vol. i. s. 391; Auson. Epist. xxiv. 68, 69, Punica Barcino.

Om lag 15 fvt. tok romarane over byen som ein castrum (romersk militærleir) rundt Mons Taber, ein liten ås nær det noverande rådhuset (Plaça de Sant Jaume). Under romarane var han ein koloni med etternamnet Faventia,Plin. iii. 3. s. 4 eller Colonia Faventia Julia Augusta Pia BarcinoInscr. ap. Gruter, s. 426, nos. 5, 6. eller Colonia Julia Augusta Faventia Paterna Barcino. Melaii. 6 nemner byen som ein av fleire småbyar i distriktet i skuggen av nabobyen Tarraco (dagens Tarragona). Frå seinare historikarar ser ein at byen gradvis vart rikare og viktigare.Avien. Ora Maritima. 520: «Et Barcilonum amoena sedes ditium.» Byen prega sine eigne myntar.

Det finst fleire romerske ruinar under Plaça del Rei, inngangen til bymuseumet (Museu d'Història de la Ciutat) og den typiske romerske rutenettet er framleis synleg i dag i det historiske senteret, Barri Gòtic («Det gotiske kvarteret»). Det finst restar av dei romerske murane i domkyrkja. Domkyrkja, som i dag er kjend som basilikaen La Seu er sagt å vere bygd i 343. Byen vart erobra av vestgotarane tidleg på 400-talet, av maurarane tidleg på 700-talet, erobra i 801 av son til Karl den store, Ludvig, som gjorde Barcelona til sete i det karolingiske Marca Hispanica, ein buffersone styrt av grevane av Barcelona.

mini|Teikning av Barcelona frå 1500-talet. Grevane av Barcelona vart gradvis meir sjølvstendig og utvida området sitt til heile Catalonia. I 1137 vart Aragón og grevane av Barcelona slått saman i ein familieunion El tal dels Temps, 14. (Palma de) Mallorca: El tal, 1996. ISBN 84-96019-28-4. s. 127. då Ramon Berenguer IV og Petronilla av Aragon gifta seg. Titlane deira vart slått saman til ein då sonen deira Alfonso II av Aragón tok over trona i 1162. Dette området vart seinare kjend som kongemakta Aragón, som erobra fleire oversjøiske område og styrte store delar av det vestlege Middelhavet med område i Napoli og Sicilia, og til område så langt bort som Aten på 1200-talet. Denne samanslåinga markerte starten på nedgangen til Barcelona.

På slutten av 1300-talet vart folkesetnaden kraftig tynna ut som følgje av svartedauden, men det var likevel i denne perioden at store delar av den såkalla gotiske bydelen vart bygd.

Nedgangen starta på 1500-talet med opp- og nedgangstider og dette heldt fram i de påfølgjande hundreåra. Spenningane på grunn av unionen med kongemakta Castilla, som vart oppretta gjennom ekteskapet mellom Ferdinand II av Aragón og Isabella I av Castilla, nådde eitt av sine høgdepunkt med det katalanske opprøret frå 1640 til 1651 og seinare med den spanske arvefølgjekrigen frå 1706 til 1714, som førte til at Catalonia mista alle sine egne institusjonar. Okkupasjonen av Barcelona av fransk-spanske tropper fann stad 11. september 1714 og frå og med denne dagen styrte Filip V av Spania Catalonia.

Den økonomiske oppgangen som starta på slutten av 1700-talet og industrialiseringa på 1800-talet, gjorde at Barcelona på nytt vart eit viktig politisk, økonomisk og kulturelt sentrum. Bymurane vart rive og i 1897 vart seks tilgrensande kommunar innlemma i byen, noko som gjorde at Barcelona voks. Den urbane vekst følgde i hovudsak byplanen for den nye bydelen Eixample, som vart utarbeida av Ildefons Cerdà. I 1888 og 1929 arrangerte Barcelona verdsutstillingar. Desse vart òg særs viktige for byutviklinga, sidan ein i forkant av begge utstillingane ombygde og moderniserte delar av byen. Rundt hundreårsskiftet oppstod den såkalla katalanske renaixença (renessansen). Samtidig opplevde Barcelona ei arkitektonisk fornying gjennom den katalanske modernismen, ein variant av art nouveau, som skulle setje eit varig preg på byen. Den mest kjente eksponenten for dette er Antoni Gaudí. I 1883 starta han konstruksjonen av katedralen Sagrada Familia. På slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet var anarkistar aktive i byen og i 1909 fann den såkalla Setmana Tràgica («Den tragiske veka») stad; ein arbeidaroppstand mot tvangsutskriving til krigen i Marokko førte til ei veke med anarkistisk vald og nedbrenning av kyrkjer.

Byrjinga av 1900-talet var prega av både ein ny økonomisk vekst og dei nye politiske ideologiane hos folkesetnaden. Styresmaktene starta bygginga av både metroen og hamna. Framgangen stoppa derimot opp da den spanske borgarkrigen starta. I tillegg til at regjeringa i Catalonia kjempa for republikken, var Barcelona òg prega av interne opprør og slagsmål som ikkje ein gong regjeringa i republikken kunne kontrollere. Barcelona vart bomba ved fleire høve og troppane til Franco tropper nådde byen i slutten av januar 1939. Diktatoren fordelte makta i byen, noko som førte til ei ukontrollert utvikling med stor innflytting frå resten av Spania, særleg frå sør. Under diktaturet var det katalanske språket forbode og den katalanske kulturen vart undertrykt. Etter Franco døydde i 1975 og gjeninnføringa av demokratiet skjedde det ei ny bløming av katalansk kultur både i Barcelona og i resten av Catalonia og det vart på nytt starta opp kulturelle og urbanistiske prosjekt. Byen arrangerte mellom anna eit vellukka sommar-OL i 1992 og Forum for kultur i 2004. Barcelona har dei siste tiåra gjennomgått ein kraftig fornyingsprosess og har samstundes vorte eit av dei mest populære turistmåla i Europa.

Geografi mini|Satellittbilete av Barcelona Barcelona ligg ved nordaustkysten av Den iberiske halvøya, ved Middelhavet, på eit platå som er om lag 5 km breitt og som er avgrensa av fjellkjeda Collserola i nordvest, elva Llobregat i sørvest og elva Besòs i nord. Dette platået er på 170 km² og sjølve byen opptar 101 km². Byen ligg 160 km sør for Pyreneane og den katalanske grensa til Frankrike.

Fjellkjeda Collserola ligg nordvest for byen. Den høgaste toppen her er Tibidabo, på 512 meter over havet.Statistikk frå Barcelona sitt bystyre Barcelona er full av små åsar og høgdedrag. Dei fleste av dei er busette, slik som Carmel (267 moh.), Putxet (181 moh.) og Rovira (261 moh.). Høgdedraget Montjuïc ligg søraust i byen.

Barcelona grensar til kommunane Santa Coloma de Gramenet og Sant Adrià de Besòs i nord, L'Hospitalet de Llobregat og Esplugues de Llobregat i sør, Middelhavet i aust og Montcada i Reixac og Sant Cugat del Vallès i vest.

Klima Barcelona har middelhavsklima, med milde, fuktige vintrar og varme, tørre somrar. Januar og februar er dei kaldaste månadane, med ein normal temperatur på rundt 10 °C. Juli og august er dei varmaste månadane. Då ligg temperaturen normalt kring 25 °C. Den høgaste temperaturen som er målt på målestasjonen ved El Prat de Llobregat, er 37,3 °C den 13. august 2003 og den kulderekorden er –7,2 °C frå 16. januar 1985. I sjølve Barcelona er den høgaste registrerte temperaturen 38,6 °C i 2003. Ved målestasjonen på Tibidabo har ein målt ein temperatur på 39,8 °C.

Demografi venstre|mini|220px|Den demografiske utviklinga i Barcelona 1900–2005, ifølgje data frå INE Ifølgje bystyret i Barcelona var innbyggjartalet 1. januar 2007 på 1 595 110 innbyggjarar.– Demografisk statistikk frå bystyret i Barcelona Folketettleiken i byen var på 15 825 innbyggjarar per km² i 2007 Distriktet med høgast folketettleik var Eixample, med 35 082 innbyggjarar per km². Lågast folketettleik hadde Sarrià-Sant Gervasi, med 7 017 innbyggjarar per km². Gjennomsnittsalderen i Barcelona er på 45 år. Forventa levealder i 2005 var 83,9 år for kvinner og 77,0 år for menn.

Ifølgje dei same tala hadde 15,4 % av folkesetnaden (245 999 personar) utanlandsk statsborgarskap. Denne delen er over tre gonger så stor som i 2001, då han var på 3,9 %. 18 % av innbyggjarane i Barcelona er fødde i utlandet, medan berre 60,3 % er fødde i Catalonia. Størsteparten av innbyggjarane med utanlandsk statsborgarskap kjem frå (i rekkefølgje) Ecuador, Italia, Bolivia, Peru, Marokko, Pakistan, Colombia, Kina og Frankrike. 98 028 innbyggjarar er frå Sør-Amerika, 70 217 frå Europa utanom Spania, 38 624 frå Asia, 20 292 frå Nord- og Mellom-Amerika, 18 414 frå Afrika (dei fleste frå Nord-Afrika) og 271 frå Oseania