Kambodsja, offisielt Kongeriket Kambodsja, er eit kongedøme i Søraust-Asia som grensar til Thailand mot vest, Laos mot nord og Vietnam mot aust. I sørvest har det kystline mot Siambukta. Hovudstaden er Phnom Penh, med rundt 1 million innbyggjarar.

Geografi mini|venstre|Kart over Kambodsja.

Landet er prega av Mekongelva, som på khmer blir kalla Tonle Thom, 'den store elva', og av Tonle Sap ('ferskvatnelva'), ei viktig fiskeelv.

Klima Monsunen gjev ein god del nedbør mellom mai og september eller oktober. Ein har eit lite høgdedrag i sørvest, og sidene som vender mot Siambukta har kraftig nedbør. Den tørre perioden varer frå desember til april, og er varm med mykje sol. I regntida er det meir skya, høgare fukt, og vêret er lummert og trykkjande. Temperaturane held seg ganske høge året rundt i låglandet. Phnom Penh har ein årleg nedbørsnormal på 1407 mm.

Innbyggjarar Dei fleste kambodsjanarar er khmerfolk som høyrer til theravada-buddhismen. Landet har òg fleire nasjonale minoritetar der den viktigaste er chamfolk.

Historie Landet kan trekkja liner tilbake til Keisardømet Khmer, som herska over store delar av den indokinesiske halvøya frå 1000- til 1300-talet. Den gamle hovudstaden Angkor med tempelkomplekset Angkor Wat er mektige minne om denne tida.

Under kolonitida var Kambodsja, som Khmer-riket, eit fransk protektorat og ein del av føderasjonen Indokina. Landet fekk sjølvstende i 1953.

På 1950- og 1960-talet heldt landet under kong Norodom Sihanouk seg nøytralt under store delar av Vietnamkrigen i nabolandet. Frå 1969 utførte amerikanske bombefly hemmelege åtak på det dei hevda var kommunistiske leirar i landet, slik at 30 000–500 000 sivile blei drepne. Amerikanske styrkar stod òg for ein kortvarig invasjon i 1970.

Indre motsetnader førte til ein borgarkrig på 1970- og 1980-talet. Det forhatte monarkiet blei bytt ut med eit katastrofalt regime leidd av Raude Khmer, som brukte element av kommunistisk tankegods til å forfølgja og drepa svært mange kambodsjanarar.

Medan flyktningar strøymde inn i Thailand blei landet invadert av Vietnam i desember 1978. Raude Khmer-styret blei framleis støtta av USA, og heldt mellom anna på plassen til Kambodsja i SN. Etter kvart stabiliserte situasjonen i landet seg likevel.

Politikk Kongen i landet, Norodom Sihamoni, blei utnemnd av eit råd den 14. oktober 2004 etter at far hans, Norodom Sihanouk, abdiserte.

Statsministeren i Kambodsja heiter Hun Manet.

Administrativ inndeling Dei 25 fylke er dela inn i distrikt.

Fylka er Banteay Meanchey (បន្ទាយមានជ័យ) Battambang-fylket (បាត់ដំបង) Kampong Cham-fylket (កំពង់ចាម) Kampong Chhnang-fylket (កំពង់ឆ្នាំង) Kampong Speu (កំពង់ស្ពឺ) Kampong Thom (កំពង់ធំ) Kampot-fylket (កំពត) Kandal (កណ្តាល) Koh Kong (កោះកុង) Kep-fylket (កែប) Kratie-fylket (ក្រចេះ) Mondulkiri (មណ្ឌលគីរី)13. Oddar Meancheay (ឧត្តរមានជ័យ) 14. Pailin-fylket (ប៉ៃលិន) 15. Phnom Penh (ភ្នំពេញ) 16. Sihanoukville (ក្រុងព្រះសីហនុ) 17. Preah Vihear (ព្រះវិហារ) 18. Pursat-fylket (ពោធ៌សាត់) 19. Prey Veng-fylket (ព្រៃវែង) 20. Ratanakiri (រតនគីរី) 21. Siem Reap-fylket (សៀមរាប) 22. Stung Treng-fylket (ស្ទឹងត្រែង) 23. Svay Rieng-fylket (ស្វាយរៀង) 24. Takeo (តាកែវ) 25. Tboung Khmum-fylket300px|Fylka til Kambodsja

Merknader

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Cambodia» frå , den 1. desember 2005. Denne artikkelen bygger på «History of Cambodia (1979-present)» frå , den 1. desember 2005.

Bakgrunnsstoff