Sagtang er ei vanleg brunalge i strandsona i Noreg.

Utsjånad Ein kraftig brunalge som kan verte opp til 1 m høg. Planta er flat og noko vifteforma med 1-3 cm breie greiner. Tangen er alltid lett å kjenne på den sagtakka kanten, og har ei markert midtribbe som går over i ein tynn stilkforma del nedst. Han- og hoorgana (receptaklane) finst aldri på same planta. Dei veks fram om hausten som ein tjukkare del i vanlege greinendar og er omgjevne av ein steril sagtakka kant. Befruktinga går føre seg i april-mai.

Utbreiing Tangen finst langs atlanterhavskystane i Europa frå Svalbard til Portugal, på Kanariøyane og på austkysten av Nord-Amerika. Arten er introdusert på Island og Færøyane gjennom dei siste 1000 åra.

Førekomst i Noreg Tangen er vanleg langs heile kysten, også langt inne i fjordane. I eit normalt klippestrandprofil på skjerma kyst dannar sagtang eit markert belte (sagtangbeltet) frå like under lågvasslina til ned til om lag 2-3 m djupn, der tareartane tek over. Sagtang si grense oppover vert ofte brukt til å definere litoralsonen si nedste grense.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Fucus serratus» frå , den 13. mars 2012. Floraen i farger 2, Arne Pedersen og Jørgen Vasshaug, H. Aschehoug & Co. ( W. Nygaard ).

Bakgrunnsstoff

Kategori: Algar Kategori: Sjøplantar i Noreg