Berge Ragnar Furre () var ein norsk politikar, historikar og teolog.

Furre var stortingsrepresentant for Sosialistisk Venstreparti (SV) frå 1973 til 1977 for Rogaland, og leiar for SV frå 1976 til 1983. Han var medlem av Lund-kommisjonen frå 1994 til 1996. Han var professor i historie ved Universitetet i Tromsø mellom 1985 og 1986. Frå 1991 var han professor i kyrkjehistorie ved Universitetet i Oslo. Furre skreiv ei rad bøker, særleg om historiske og politiske emne.

Utmerkingar Furre vann Fritt Ords Pris i 2003. I 2003 vann han også Storegutprisen. 29. april 2006 vart han utnemnd til heidersmedlem i Noregs Mållag.

Verk i utval 1990 Soga om Lars Oftedal ISBN 82-521-3468-8 Om presten Lars Oftedal (1838–1900) 1992 Norsk historie 1905-1990 : vårt hundreår ISBN 82-521-3487-4 2000 Norsk historie 1914-2000 Industrisamfunnet - frå vokstervisse til framtidstvil ISBN 82-521-5187-6

Kjelder

Bakgrunnsstoff NRK om Berge Furre

Kategori:Norske teologiprofessorar Kategori:Professorar ved Universitetet i Oslo Kategori:Professorar ved UiT Noregs arktiske universitet Kategori:Norske historikarar Kategori:Målfolk Kategori:Leiarar for Sosialistisk Venstreparti Kategori:Stortingsrepresentantar 1973-1977 Kategori:Stortingsrepresentantar frå SV Kategori:Stortingsrepresentantar for Rogaland Kategori:Medlemmar og varamedlemmar i Nobelkomiteen Kategori:Mottakarar av Fritt Ords Pris Kategori:Medlemmar av Det Norske Videnskaps-Akademi Kategori:Norske prestar Kategori:Folk frå Finnøy Kategori:Vinnarar av Storegutprisen