Prättigau (retoromansk Partenz eller Purtenza) er eit landskap i den sveitsiske kantonen Graubünden. Det består av den 40 km lange dalen til elva Landquart mellom fjellkjeda Rätikon i nord og Plessur-Alpane i sør. Dalen strekkjer seg frå søraust til nordvest. Kryssar ein Wolfgangpasset (1631 moh) øvst i Prättigau, kjem ein sørover til Davos. Flüelapasset (2383 moh.) i aust dannar sambandet til Engadin. Via fotstiar, t.d. over Schlappinpasset (2203 moh.), er det òg kontakt til den austerrikske dalen Montafon i nord.
Saman med kommunen Davos utgjer Prättigau (under namnet Bezirk Prättigau/Davos på tysk og Il district dal Partenz/Tavau på retoromansk) eit forvaltningsdistrikt i Graubünden. Distriktet dekker eit areal på 853 km² og har litt over 26 000 innbyggjarar. Området er nesten reint tysktalende (90 %). I dei to høgastliggjande kommunane (Davos og Klosters) talar ein walsertyske dialektar.
Prättigau/Davos sine nabodistrikt er Landquart og Plessur i vest, Albula og Maloja i sør, og Inn i aust. Dessutan grensar det til Vorarlberg (Austerrike) i nord. Det finst ingen direkte vegsamband til distriktet Maloja eller til Austerrike.
Distrikta i Graubünden er reint administrative einingar. Prättigau/Davos består av sju krinsar (Kreise) og 15 kommunar (Gemeinden), som har stor grad av politisk sjølvstyre. Desse er:
Kreis Davos / Circul da Tavau Kommune Areal(km²) Folketal Språk tysk ret. ital. Davos 254 10 817 86 % 1 % 3 %
Kreis Jenaz / Circul da Jenaz Kommune Areal(km²) Folketal Språk tysk ret. ital. Fideris 25 592 96 % 1 % 1 % Furna 33 226 100 % 0 % 0 % Jenaz 26 1148 95 % 1 % Heile krinsen 84 1966 96 % 1 % 1 %
Kreis Klosters / Circul da Claustra Kommune Areal(km²) Folketal Språk tysk ret. ital. Klosters-Serneus 193 3889 89 % 1 % 1 %
Kreis Küblis / Circul da Küblis Kommune Areal(km²) Folketal Språk tysk ret. ital. Conters im Prättigau 18 225 97 % 1 % 1 % Küblis 8 797 93 % 1 % Saas im Prättigau 27 757 97 % 0 % 0 % Heile krinsen 53 1779 95 % 1 % 1 %
Kreis Luzein / Circul da Luzein Kommune Areal(km²) Folketal Språk tysk ret. ital. Luzein 32 1164 98 % 0 % 0 % St. Antönien 52 360 98 % 0 % 0 % Heile krinsen 84 1524 98 % 0 % 0 %
Kreis Schiers / Circul d'Aschera Kommune Areal(km²) Folketal Språk tysk ret. ital. Grüsch 43,30 1323 94 % 1 % 0 % Schiers 62 2418 90 % 2 % Heile krinsen 72 3660 91 % 1 % 1 %
Kreis Seewis / Circul da Seewis Kommune Areal(km²) Folketal Språk tysk ret. ital. Seewis im Prättigau 50 1390 93 %
Alle folketal og språkandeler byggjer på folketelkjinga frå 2005.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Prättigau» frå , den 11. mars 2012.
Kategori:Distrikt i Graubünden