1713 (romartal MDCCXIII) var eit normalår som byrja på ein sundag i den gregorianske kalenderen og eit normalår som byrja på ein onsdag i den julianske kalenderen.
Hendingar Pågåande konfliktar Den store nordiske krigen (1700-1721) Den spanske arvefølgjekrigen (1701-1714) Tuscarorakrigen fortsette i Nord-Amerika Dronning Anne-krigen blei avslutta, medan forhandlingane rundt slutten på Den spanske arvefølgjekrigen fortsette.
Utlandet
1. februar: Osmanske styrkar prøvde tvinga Karl XII av Sverige og hans menn til å forlata Bender etter at dei hadde vore fleire år i Det osmanske riket. Rundt 45 svenskar forsvarte seg mot tyrkarane (ca. 10 000 mann) heile dagen før dei blei overmanna og Karl XII tatt til fange. Karl XII blei overført til lystslottet Timurtasj nær Adrianopel og seinare til Demotika. 25. februar: Fredrik Vilhelm I blei konge av av Preussen. 11. april: Den spanske arvefølgjekrigen. Hovudavtalen ved Freden i Utrecht blei underskriven. 23. juni: Franske innbyggjarar i Acadia blei gjevne eitt år på å erklæra seg lojale mot Storbritannia eller forlata Nova Scotia. 13. juli: Portsmouth-traktaten avslutta Dronning Anne-krigen.
Noreg
Fødde mini|upright|Allan Ramsay, fødd 13. oktober
23. september: Ferdinand VI av Spania 5. oktober: Denis Diderot, fransk filosof og forfattar 13. oktober: Allan Ramsay, skotsk målar 24. oktober: Marie Fel, fransk operasongar
Døde
8. januar: Arcangelo Corelli, italiensk musikar og komponist 25. februar: Fredrik I av Preussen 11. april: Anne Clausdatter, norsk forretningskvinne
Kjelder