Sir Alec Guinness, fødd Alec Guinness de Cuffe (), var ein britisk skodespelar kjend frå fleire store filmproduksjonar, m.a. Lawrence of Arabia, Broen over Kwai og dei tre tidlegaste Star Wars-filmane.
Biografi
Alec Guinness de Cuffe vart fødd og voks opp i London. Han gjekk vidare til å studera drama etter grunnskulen og hadde sin fyrste spelejobb på teater på 20-årsdagen sin. I 1936, 2 år seinare spelte han ei rolle i John Gielgud si oppsetjing av Hamlet. Same året vart han tilsett ved teateret Old Vic, og i denne perioden blei han kjend med teatermiljøet i London og fekk mange vener blant skodespelarane han jobba med. I løpet av 1930-talet spelte Guinness m.a. i Richard II, Kjøpmannen i Venedig, Romeo og Julie og Stormen av Shakespeare.
I 1939 omarbeidde Guinness romanen Store forventninger av Charles Dickens til teaterstykke, der han sjølv spelte Herbert Pocket. Stykket vart vellukka, og regissør David Lean, som såg stykket, filmatiserte det og gav det ut i 1946. Igjen spelte Guinness Herbert Pocket, og dette vart debuten hans som filmskodespelar (bortsett frå ei statistrolle frå 1934). Alec Guinness tente i marinen under andre verdskrigen. I 1946 vendte han tilbake til Old Vic og blei der i to år etter mange teaterroller. Etter dette spelte han ved andre teater, og hadde si siste rolle i 1989.
Filmkarriere
Alec Guinness spelte i mange store filmproduksjonar frå 1950-åra og utover. I 1956 spelte han saman med Grace Kelly i Svanen. Året etter spelte han mot William Holden i krigsfilmen Broen over Kwai, som Guinness vann Oscar-prisen som beste skodespelar for. I 1959 hadde han hovudrolla i Vår mann i Havana, i 1962 var han med i storproduksjonen Lawrence of Arabia i rolla som Prins Feisal, og i 1964 spelte han Marcus Aurelius i Romerrikets fall. Året etter var han bolsjevikleiar i filmatiseringa av Doktor Zhivago av Boris Pasternak. I 1970 spelte han Kong Karl I i den historiske filmen Cromwell. Sjølv meinte Guinness at hans beste filmopptreden var som Adolf Hitler i Hitler: The Last Ten Days (1973).
I 1977 fekk Alec Guinness rolla som jediriddaren Obi Wan-Kenobi i Star Wars. Desse George Lucas-filmane gav Guinness eit heilt nytt publikum. Han hadde den same rolla i Imperiet slår tilbake frå 1980 og Jediridderen vender tilbake frå 1983. Det året fylte Guinness 69 år. Han spelte i nokre filmar også etter Star Wars, men hadde si siste filmrolle i 1996, 82 år gamal.
Alec Guinness døydde 5. august 2000 av kreft i levra. Kona hans døydde eit par månader etter han. Sonen deira, Matthew Guinness er sjølv skodespelar.
Nokre prisar og utmerkingar
1955: Alec Guinness vart utnemnd til kommandør av den britiske imperieordenen. 1957: Oscar-prisen for beste mannlege skodespelar for rolla som Oberst Nicholson i Broen over Kwai. 1959: Alec Guinness vart slått til riddar. 1960: Alec Guinness fekk ei stjerne på Hollywood Walk of Fame. 1980: Æres-Oscar for livsverk som skodespelar. 1991: Alec Guinness vart æresdoktor ved Cambridge University. 1994: Alec Guinness vart medlem i den britiske Order of the Companions of Honour. Alec Guinness fekk også Evening Standard-prisen for teaterverksemda si.
Filmografi (utval)
1946: Store forventninger 1948: Oliver Twist 1951: Jeg stjal en million 1956: Svanen 1957: Broen over Kwai 1958: The Horse's Mouth 1959: Vår mann i Havana 1962: H. M. S. Defiant 1962: Lawrence of Arabia 1964: Romerrikets fall 1965: Doktor Zhivago 1967: Den onde øya 1970: Cromwell 1970: Scrooge 1972: Fratello sole, sorella luna 1973: Hitler: The Last Ten Days 1976: Mord med døden til følge 1977: Star Wars 1980: Imperiet slår tilbake 1980: Little Lord Fauntleroy 1983: Lovesick 1983: Jediridderen vender tilbake 1984: Reisen til India 1988: Little Dorrit 1988: A Handful of Dust 1991: Kafka 1996: Eskimo Day (fjernsynsfilm)
Kjelder
Filmografien er henta frå Imdb.com, 3. mars 2012
Denne artikkelen byggjer på «Alec Guinness» frå , den 3. mars 2012.
Kategori:Engelske skodespelarar Kategori:Folk frå London Kategori:Oscarvinnarar Kategori:Hollywood Walk of Fame