Strykekvartett nr. 16 i Ess-dur, K. 428/421b, er ein strykekvartett komponert av Wolfgang Amadeus Mozart. Dette er den tredje av Haydnkvartettane, ein serie på seks strykekvartettar han skreiv dei første åra sine i Wien og seinare dediserte til Joseph Haydn.

Verket er i fire satsar:

I. Allegro non troppo II. Andante con moto III. Menuetto & Trio IV. Allegro vivace

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «String Quartet No. 16 (Mozart)» frå , den 29. februar 2012. oppgav desse kjeldene: John Irving, Mozart, the "Haydn" quartets. Cambridge: Cambridge University Press (1998)

Bakgrunnsstoff Opptak av Borromeo String Quartet frå Isabella Stewart Gardner Museum i MP3-format

#16 Kategori:Musikk i 1783