Leon Max Lederman () er ein amerikansk matematikar og fysikar. Lederman vart tildelt Nobelprisen i fysikk 1988, saman med Melvin Schwartz og Jack Steinberger, for metoden med nøytrinostråler og påvisinga av dobbeltstrukturen til lepton gjennom oppdaginga av myonnøytrino. Han har òg mottatt Wolfprisen i fysikk.

Lederman tok doktorgrad ved Columbia University, New York, i 1951, og vart professor ved same universitet i 1958. Han var sjef for Fermi National Accelerator Laboratory in Batavia, Illinois mellom 1979 og 1989.

På starten av 1960-talet utførte Lederman, Schwartz og Steinberger eksperiment ved Brookhaven National Laboratory der dei nytta partikkelaksellerator for å generere ei stråle av nøytrinoar, partiklar som ikkje har nokon merkbar masse eller elektrisk ladning. Det var kjend at når nøytrinoar treffer materie, så vert det nokre gonger generert elektron eller elektronlike partiklar som kallast myon. Det var derimot ikkje kjend om dette kom av at det fanst ulike typar nøytrinoar. Lederman , Schwartz og Steinberger viste at dette var tilfelle og kalla den tidlegare uidentifiserte typen av nøytrinoar som genererte myon for myonnøytrino. Denne oppdaginga førte til innsikta i at leptona, den familien av partiklar som elektron og nøytrinoar tilhøyrer, dannar «familiar» av partiklar. Dette er no ein del av standardmodellen som skildrar oppbygginga og kategoriseringa av elementærpartiklane.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Leon M. Lederman» frå , den 22. februar 2012.

Kategori:USA-amerikanske fysikarar Kategori:USA-amerikanske matematikarar Kategori:Nobelprisvinnarar frå USA Kategori:Nobelprisen i fysikk Kategori:Folk frå New York City Kategori:Elevar ved Columbia University Kategori:Enrico Fermi-prisen Kategori:Eksperimentelle fysikarar Kategori:Jødiske fysikarar Kategori:Jødiske nobelprisvinnarar Kategori:USA-amerikanske jødar Kategori:National Medal of Science Kategori:Partikkelfysikarar Kategori:Wolfprisen i fysikk Kategori:Jødiske oppfinnarar Kategori:Medlemmar av United States National Academy of Sciences Kategori:Medlemmar av Det russiske vitskapsakademiet