Sigbjørn Mostue () er ein norsk forfattar.

Han debuterte i 2005 med Gravbøygen våkner, ein fantasyroman for barn og unge. Debutboka var fyrste del av trilogien Alvetegnet. Serien vart fullført med Nissedreperen (2006) og Krakens gap (2007). Det er seld over 100 000 eksemplar av bøkene i trilogien (2012), og dei er også komne ut på dansk og polsk. I 2009 gav han og Matthijs Holter ut fantasyromanen Mørkeboka og i 2010 kom fyrste del i ein ny triologi kalla Den siste magiker. I 2012 kom kriminalromanen Operasjon Helena ut som fyrste vaksenboka hans. Den var skriven saman med den tidlegare politispanaren Johnny Brenna.

Mostue bur på Jessheim og er utdanna frå Universitetet i Oslo med hovudfag i idéhistorie. Før han vart forfattar på heiltid arbeidde han som redaktør i De norske Bokklubbene.

Bøker

2005 – Gravbøygen våkner – Alvetegnet 1, fantasyroman for barn og unge 2006 – Nissedreperen – Alvetegnet 2, fantasyroman for barn og unge 2007 – Krakens gap – Alvetegnet 3, fantasyroman for barn og unge 2009 – Mørkeboka – fantasyroman for ungdom, skriven saman med Matthijs Holter 2010 – Historien om vampyrer : fra dødsfiende til superhelt 2010 – Den siste magiker I – fantasyroman for barn og unge 2011 – Den siste magiker del 2: Belz og Ebub – fantasyroman for barn og unge 2012 – Den siste magiker del 3: Nimrod – fantasyroman for barn og unge 2012 – Operasjon Helena – kriminalroman, skriven saman med Johnny Brenna 2013 – Operasjon Føniks – kriminalroman, skriven saman med Johnny Brenna 2013 – Zombie-Bjarne

Prisar og utmerkingar 2005 – ARKs barnebokpris for Gravbøygen våkner

Referansar

Bakgrunnsstoff Nettstaden til Sigbjørn Mostue Presentasjon av Sigbjørn Mostue på nettstaden til Cappelen Damm Utgjevingar av Sigbjørn Mostue i BIBSYS Ask

Kategori:Folk frå Ullensaker Kategori:Forfattarar frå Akershus Kategori:Fantasy-forfattarar Kategori:Norske barnebokforfattarar Kategori:Norske ungdomsbokforfattarar Kategori:Norske romanforfattarar Kategori:Norske kriminalforfattarar Kategori:Norske skjønnlitterære debutantar i 2005 Kategori:Vinnarar av ARKs barnebokpris