Percy Williams Bridgman () var ein amerikansk fysikar. Han vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 1946 «for oppfinninga av eit apparat for å produsere ekstremt høgt trykk, og for dei funna han gjorde innan høgtrykkfysikk ved hjelp av dette».
Han var professor ved Harvard University frå 1926 til 1954 og er kjent for å ha utvikla apparat for framstilling av høge trykk, og for studium av dei fysiske eigenskapane til stoff under slike trykk. I 1905 framstelte han trykk på 20 000 atm og nådde seinare heilt opp mot 500 000 atm. Ved slike trykk blir strukturen til stoffa endra, og dei opptrer med andre fysiske eigenskapar enn dei vanlegvis har. Gummi og parafin blir t.d. så harde at dei kan rispe stål, kol blir forvandla til diamantar osv. Arbeidet til Bridgman har spelt stor rolle for forståinga av strukturen til stoff i moderne fysikk. Han var ein ivrig talsmann for det operasjonalistiske synet på fysikken.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Percy Williams Bridgman» frå , den 21. februar 2012. oppgav desse kjeldene:
Bibliografi
Percy Williams Bridgman. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 2. november 2013.
Kategori:USA-amerikanske fysikarar Kategori:Nobelprisvinnarar frå USA Kategori:Nobelprisen i fysikk Kategori:Folk frå Cambridge i Massachusetts Kategori:Fysikarar på 1900-talet Kategori:Termodynamikarar Kategori:Eksperimentelle fysikarar Kategori:Medlemmar av Royal Society Kategori:Døde ved sjølvmord Kategori:Medlemmar av United States National Academy of Sciences