Olav Sannes () var ein gardbrukar, politikar og forfattar frå Drangedal.

Sannes tok landbruksutdanning i ungdomen og var sidan gardbrukar I Drangedal. Han var ordførar i heimbygda i ei lang rekke år, og hadde fleire andre kommunale og fylkeskommunale verv. Perioden 1919-21 representerte han Venstre på Stortinget, på ny stortingspresentant 1925-33.

Sannes gav ut bygdeboka Drangedal med Tørdal, ei bygdesoge i 1924 (faksimile 1974, ISBN 82-990370-1-8). Sidan skreiv han to romanar med handling frå Drangedal; Hardår som kom i 1927 og Gullsplinten som kom i 1931. Dei to romanane vart gitt ut på ny i eit samla band i 1988.

Sannes vart statsstipendiat i 1934. Kjelder Norsk Allkunnebok, IX.bandet. 1960 Denne artikkelen bygger på «Olav Sannes» frå , den 21. februar 2012.

Kategori:Stortingsrepresentantar 1919-1921 Kategori:Stortingsrepresentantar 1925-1927 Kategori:Stortingsrepresentantar 1928-1930 Kategori:Stortingsrepresentantar 1931-1933 Kategori:Statsstipendiatar Kategori:Norske romanforfattarar Kategori:Folk frå Drangedal