mini|Lapis lazuli har gjeve namn til fargen asur. Asur eller ultramarin er eit mørkeblått fargestoff. Det vart opphavleg framstilt av lasurstein (lapis lazuli) og er ein djupblå eller djup himmelblå farge.
Namnet «asur» er avleidd av arabisk al-lazward som tyder 'lasurstein'. Pulver av denne steinen er kjend som «naturleg ultramarin» og var historisk eit kostbart pigment. I europeisk målarkunst blei det hovudsakleg brukt til å farge kleda til sentrale figurar som jomfru Maria eller englar. Renessansekunstnaren Giotto di Bondone merka seg ut med å måla taket i Scrovegni-kapellet asurblått.
Sjå òg Den franske rivieraen, på fransk kalla Côte d'Azur (Asurkysten) Asurlauk
Kjelder
asur (2012-02-20) i Store norske leksikon.
Denne artikkelen bygger på «Azure (color)» frå , den 17. oktober 2013.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Blå Kategori:Arabiske ord og uttrykk